"Alarmen" viser at portalen spelar ei viktig rolle som "varslingsvarde" og ein "børs" for informasjon og meiningar. Koss hadde f.eks. denne aktuelle saka arta seg i "nyheitsbildet" viss ikkje portalen var der? - Det er viktig at portalen ikkje let "varmen gå ut", men held oppe ein viss aktivitet også i rolege periodar (transportetappane). Altså: Interessant/viktig at bygdemobilisering ikkje berre er å velje ut saker som ein kan arbeide for, men også at mobiliseringa representerer ein VAKTPOST, eit beredskap.

Men så melder det seg eit spørmål som eg ikkje heilt veit kva eg skal tenkje om: Er denne alarmen, denne MOBILISERINGA! nok til å bere fram saka, til å fremje ho? At saka er oppe på portalen, treng ikkje garantere for at ho går heilt i mål, at ho blir fremja på ein effektiv måte.

Og her kjem det vanskelege spørsmålet: Korleis kan ein garantere for at saka går heilt til topps ikkje berre brusar opp og ut i eit ivrig engasjement? Det vanskelege er at ein kan kvi seg for å ønskje seg eit RÅD/eit ORGAN som samlar i seg engasjementet og får det til å munne ut i eit organisert INITIATIV, f.eks. overfor kommunestyret. - Eg seier "vanskeleg", for å opprette komitear og råd er ikkje utan vidare ein garanti for at saker blir fremja . . . Men tanken er der.