2292,5 mm nedbør kom det på Hustad i Bondalen i 2008.  Det er nærare meteren mindre med nedbør enn i 2007 då det regna- og snøa heile 3013,2 mm på same stad.  Likevel kom det meir nedbør enn normalt også i 2008.  Årsnormalen (1961-90) er på 2040 mm.

Dei fleste av oss meiner nok at vi hadde ein svært så fin sommar i 2008 og vêrmålar Anne Hustad gjev oss rett.  Juni var rett nok heller våt, 206,3 mm(88 mm), men i juli kom det berre 83,2 mm(109 mm), i august 72,3 mm(130 mm) og i september 102 mm(254 mm).  Tala i parantes er det som vert rekna som normalen.

Anne Kristin Hustad 006 (Large)

Det var svært lite nedbør hos Anne på Hustad i sommar

Her er nedbørstala for alle månadane, normalen i parantes:

Januar:        290,9 mm (199)

Februar:       343,7 mm (160)

Mars:           168,6 mm (164)

April:            72,3 mm (110)

Mai:              50,9 mm  (76)

Juni:             206,3 mm (88)

Juli:                83,2 mm (109)

August:           72,3 mm (130)

September:    102,0 mm (254)

Oktober:        363,8 mm (248)

November:     390,9 mm (234)

Desember:     147,6 mm (268)