Vi har eit stort og fint grendehus i Bondalen, men i dag vart storesalen for liten. Også i småsalen var det fullt, men spreke korpsmusikantar ordna ut under åresalet og formidla vinnarnummera til dei som sat i småsalen. 

Mange flotte gevinstar fekk nye eigarar og dei to dokkene vert sikkert julegåver til heldige småjenter. Begge gjekk til pensjonistar, ein på kvar side av fjorden.

Knut Hustad gjorde som vanleg ein glimrande jobb som programleiar under marknaden og korpset er heldige som får be han om hjelp til dette.

No tek korpset juleferie fram til omlag midten av januar og då håpar vi at endå fleire vil vere med oss og spele.

Takk til alle som støtta oss idag, både med arbeidskraft, gevinstar, kaker og ved frammøte på julemarknaden!

Beste helsing frå Generasjonskorpset på Sæbø!