Program er ikkje fastsett enno, men ein vil basere seg på same opplegget som var i år, fortel leiar Dorit Rønning i Urke Grendalag. Likevel vil ein sjå til at dei ulike tilboda ikkje kolliderer for mykje med kvarandre, slik det diverre vart litt av i år.

Det viktigaste er likevel det sosiale ved å møte kjende og ukjende i uformelle former. Styret i grendalaget vil kome attende med meir informasjon seinare. Det viktige no er at alle feriar blir planlagde til rett tid!    

IMG_0532 

Her ser vi eit bilde frå årets Urke-helg. Fire tidlegare skuleveninner har funne tonen saman med Sverre på trekkspel. Eit populært innslag som kanskje kan gå i reprise neste år?