Det høgaste fjellet i Volda har snøbredar under toppområde 
heile året . På sommaren tek dei fleste  turen til Eidskyrkja frå Grøndalen. Ein kan også ta turen frå 
Rindalsætra i Høydalen og frå Skinnviksætra i Austefjorden. Frå huset vårt i Austefjorden har eg god utsikt til Lisjekyrkja og Tårnet. Bak Middagshornet gøymar Blåbreden og Eidskyrkja seg for mine auge. Det blir nokre toppturar på ski igjennom året, men skiturar  om sommaren er så fantastisk og fasinerande at det må opplevast.

 

P1000797

 

Kalenderen viser 27 juli. Det er tidleg på morgonen, sola har vore lenge oppe på himmelen og det varmar godt i bakkane.

 

P1000794

 

På Skinnviksætra nyt dei sommersola.

 

P1000799

 

Og det gjer desse firbeinte også, men ser nok litt overraska ut då ein fjellfant kjem traskande.

 

P1000801

 

 Det nermer seg snøv under beina.

P1000802

På med skina.

P1000806

Om det er midtsommar og breden er liten må ein vera varsam med vegval, elva kjem til syne enkelte plassar på breden. Eg kryssar aldri breden, det er stor fare for snøven brest under skia og det kan få fatale følger.

P1000807

På toppen av Blåbreden er det drikkepause og fotografering. På ein dag som denne går det med nokre liter drikke.

P1000809

Det siste stykke fram til varden/ane.   

P1000812

Det er sydentempratur 1482 moh. Heime vart det kl.16.00 målt 32` i skuggen på ein målar som sola aldri skin på :-)

P1000815

Bjørkedalen nede i dalbotnen. Bak ser vi Storetoren, Lisjetoren og Felden.

P1000814

Slogen og Jakta

P1000816

Det er ikkje ofte ein startar så "lettkledd" på returen ned til sætra.

P1000821

Fint skiføre denne dagen også.

P1000822

Nede på barmark igjen. På med lestar og joggesko.

P1000823

Ein fantastisk dag i fjellet er slutt.

P1000824

Takk for turen.

God jul