(Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Flesteparten av fotoa finn du heilt til slutt i artiklen.)

-Er lammet halvdaudt, seier du?  Det ser no i alle fall ut til å vere like sprekt som dokke.  Eg høyrer så eit klikk i radioen til Lasse – i denne omgangen har Ola sagt sitt. Om Ola ynskjer å uttrykke glede over at lammet sin tilstand er betre enn forventa, eller om han meiner at forma på oss sauesankarar er for dårleg, veit berre han.  Ola passar i alle høve på  der han står på motsett side av fjorden og kikar i  Swarovskien – den store kikerten

 

Skodde

Frode (Holen) er allereie om bord på ferja.  Heldigvis rekk eg den også - så vidt, men kvar er Lasse(Lars Johan Sæbønes)? Ferjemannskapet er greie og ventar på sjefen vår.  Eein kopp kaffi, ein ferjetur over Hjørundfjorden så er vi klare til å legge i veg oppover frå  Lekneset  i til dels tjukk skodde.  Kanskje er ikkje dette den beste dagen for sauesanking?  Ingen grunn til uro – vi ser at  dette er ei skodde som vil forsvinne så snart sola får høve til å herje litt med den.  Likevel skaper nok skodda litt problem  for Ola (Sæbønes) og  dotter Nutte (Kanutte Strand)  som står ved kikerten på Sæbøneset.  Sauene som skal vere oppunder toppen av fjellet Saksa er ikkje lette å sjå i skodde sjølv om kikerten er god.

IMGP7703 kopi

 

Det går som rekna med, vel oppe i Leknesdalen kan vi stikke hovuda våre gjennom skoddelaget, men ho ligg framleis tjukk der nede ved fjorden.  Lasse greier ikkje å dy seg og tek fram radioen (Ein moderne sauesankar har sjølvsagt radiosamband).  -  Vi høyrer ikkje noko, ser de ikkje sauene?  - Neiii…, berre vent litt til….   Ikkje lenge etter kjem ei ny melding frå Nutte på neset.  - No ser vi fire av dei..  Anar vi litt nøling?

 

Sauene sett

I sida oppover mot toppen av Saksa varmar sola framleis godt no i slutten av september.  Vi tek oss tid til nokre blåbærstopp før toppen. Antioksydantar skal vere godt for dei fleste.  Frode går litt til høgre, han kan sjå  bort i Breifonndalen, ein bratt dal  på Urkesida av Saksa.  – Her er det i alle fall fire dyr, kommenterer han tørt etter ei stund.   

– Fire sauer til?  Jau, Lasse ser no ved sjølvsyn at Frode har rett.   Nye meldingar passerer fjorden.  Konklusjon:  Som mange hjortejegerar veit, kan sjølv ein einebusk verte om til ein flott kronehjort.  Lyse steinar kan og skape seg om.

 

Så, eit par hundre høgdemeter lenger nede, på Hjørundfjordsida av Saksa – i eit område som for lokalkjende vert kalla Tregrøvene, ser Frode og Lasse den siste av dei manglande sauene – eit lam som tydelegvis feilar eit eller anna.  Er det daudt? Ikkje heilt – det ligg og ortar.  Likevel er det utan tvil noko som feilar det – i kikerten har dei frå Sæbøneset siste dagane sett at det har hatt problem med å fylgje dei andre sauene.

 

Fem sauer/lam som er på to ulike og  vanskeleg tilgjengelege områder.  Lasse nemner eit par ord som han ikkje har lært på søndagsskulen og noko om at han angrar på at han ikkje tok med geværet sitt.

 

         Ser de lammet, spør Ola med eitt på radioen. 

         Ja, ser om vi greier å kome oss ned slik at vi kan få stikke det.

         Stikke det???   

         Vi skal no kakke det først, avsluttar Lasse.

 

Ikkje for dalabønder

For min eigen del må eg vedgå at eg likar å gå i fjellet, kanskje klatre litt også, men her likar eg meg slett ikkje.  Vi er på veg nedover mot lammet, men å passere glatte og bratte fjellparti, sva, er slett ikkje min spesialitet.  Eg innser også at desse fjellskorne mine har sett sine beste dagar.  Skal vi gå vidare nedover mot fjorden her, som har vore nemnt som eit alternativ, vert det ikkje berre sauene Lasse må slite med. 

 

Heldigvis kjem vi oss uskadde ned til lammet og nei, lammet er ikkje daudt.  Det kjem seg på føtene og tek til å gå oppover. Greier vi kanskje å få samla dei fem dyra likevel?  Oppover går det, ikkje så raskt, nei, men Ola er tydelegvis glad for at lammet er betre til beins enn frykta.  Han finn det på sin plass å kome med ein kommentar på radioen til Lasse:

 

-          Er lammet halvdaudt, seier du?  Det ser no ut til å vere like sprekt som dokke  i alle fall.

IMGP7722 kopi

 

Matøkt

På Saksa er det tre toppar.  Det vert matpause på den tredje.  Når lammet framom oss oppdagar at vi har stoppa, stoppar det også.  Det har skya til, men  dagen er enno fin.  Etter litt mat og kaffi ser vi lysare på situasjonen og eg kjem til å tenkje på den lokale spekematprodusenten frå Stranda som tidlegare i haust vart intervjua på lokalradioen.  Han var sint fordi han ikkje fekk nok råvarer til å produsere sin gode, ferdig oppskorne mòr. Men no skulle til visst ordne seg – slakteriet hadde no lova å produsere meir kjøt, kunne han fortelje.

 

Dei fleste i vårt område veit nok framleis kvar pinnekjøtet kjem ifrå, men eg er ikkje sikker på om folk flest – inklusiv denne spekematprodusenten - veit at lammekjøt framleis  ikkje vert produsert på slakteria.  Kanskje  bør spekematprodusenten verte invitert med på sauesanking i Maradalen før det er slutt på å ha sauer i dette området også?

 

Samle dyra

Lammet ser ikkje ut til å vere sjukt, men eit eller anna feilar det.  Dei fire andre sauene held seg i det same området som då vi oppdaga dei, dvs. borte i nokre sva høgt oppå i Breifonndalen.  Planen er å få samla dei fem dyra øvst i denne dalen, så jage dei over reset og vidare bort og ned i Maradalen.   Til slutt er planen å få buksert dyra ned til fjorden.  Når eg får vite at dei to vaksne dyra er gimrar, dvs. ungsauer, tenkjer eg mitt – dette kan umogleg gå bra.

 

Heldigvis har eg gløymt Ørstabrødet og Hjørundfjordbrødet frå Strands bakeri.  Sauene viser seg nemleg å vere av eit heilt anna slag enn mine eigne – dei er svært så snille, snille som lam, heiter det vel.  Mange hadde vitja ”Marabu”, gjetarbua i Maradalen, i løpet av sommaren/hausten og alle hadde tydelegvis hatt med brød av den nemnde sorten, også til sauene.

 

I alle høve fungerer fyrste delen av planen, heldigvis.  Vi får samla det eine lammet, mora til lammet og dei tre andre sauene/lamma på reset øvst i den nemnde Breifonndalen.  Om gjensynsgleda er stor mellom mor og barn er stor, er vel meir usikkert, men lammet er raskt ute og prøver  å suge nokre edle mjølkedråpar  ut av mora.  Det viktige spørsmålet er no; greier vi å få dyra ned til fjorden og vil dette lammet greie å gå heile strekninga?

Sauer Maradalen 004 kopi

 

Vanskeleg terreng

Frå reset øvst i Breifonndalen og over mot Maradalen er det slett ikkje enkelt å gå.  Faren er stor for at dyra vil gå seg fast om vi går på feil plass.  Heldigvis viser no kombinasjonen av kikarar på Sæbøneset, sauesankarar og snille sauer å fungere godt.  Det er så bratt at vi tre som jagar og lokkar sauene slett ikkje alltid ser kva som er framom oss.  Då mi vi stole på god informasjon frå Sæbøneset.  Andre gonger må sauene vente så vi får sjekka kva som ventar framom dei. 

 

Eit par gonger prøver eg å klage på vanskeleg terreng.  Då berre peikar Lasse over mot stupbratt og blankpolert fjell i Høydalen, ein dal på motsett side av fjorden – der gjekk sauene før, seier han. Et tek eit hint, men lyt vedgå at eg eit par gonger let vere å sjå på sauene når dei hoppar ned på neste hylle.

 

Radiounderhaldning

Etter kvart går det heller greitt nedetter sørsida av Maradalen sjølv om kombinasjonen av berghamrar, til dels liggande skog og svært høgt ormegras/blom gjer at sauene og lamma til tider vert heilt borte for oss. Men som sagt – det går bra. Til og med det halvdaude lammet greier seg bra sjølv om det ein gong hamna i fangenet til Lasse. Det vert også langt mellom kraftuttrykka til Lasse og dessutan kjem  Ola  stadig med råd på radioen om kvar den beste råsa er.  Frode og underskrivne kan no berre la seg underhalde av far og son.

 

 

-          Gå lenger til venstre, der de er no er ikkje gåandes, opplyser Ola

-          Kva veit du om det, du som aldri har gått der, svarer Lasse

-          Eg har sett kvar sauene har gått i kikerten i heile sommar.

 

Nei, far Ola har slett ikkje tenkt å la seg  målbitte.  Lasse legg så inn trumfkortet:

 

-          Du har ikkje sett på sauene når du har vore på fotballkamp.

 

Denne fotballhistoria likar nok Ola ikkje så godt, men han får nok høyre den att nokre gonger, kanskje også når julemiddagen vert eten på Sæbøneset.  Nokre dagar tidlegare hadde nemleg Lasse og ein son prøvd å få ned desse same fem sauene.  Også den gongen var  Ola kikar på Sæbøneset. 

 

No kan ventetida verte lang for den som ventar på at mannskapet/sauesankarane skal kome i rett posisjon – særleg når det er seriekamp i fotball på Sæbø stadion.  Det gjekk som det måtte gå – då Johan, bror til Ola, kom køyrande og baud  på skyss til Sæbø stadion vart det for vanskeleg for Ola  å takke nei.  Han vart med i bilen til Johan, men ein kikert hadde han visst med.  Då Lasse etter kvart lurte på om Ola såg noko vil rykta ha det til at han svara ja.  Ola nemnde visst ikkje noko om at det var fotballkamp han såg…

IMGP7768 (Large) (2) 

Båt på fjorden

Etter kvart ser vi at Nutte og Ola er på veg over fjorden med lettbåten.  Då har dei nok god tru, dei også.

 

Det er skyssbåten M/S ”Hjørundfjord” som vert nytta når hovudsaueflokken skal over fjorden frå Maradalen til Sæbøneset.  Men når enkeltdyr, som i dag, skal skyssast over fjorden, er det lettbåten på Sæbøneset som vert nytta.  I fjøra har Ola og co sett opp eit lite gjerde som sauene vert jaga inn i.  I motsett ende er det eit led og ved ledet legg båten til.  Det går greitt å få dei fem dyra inn i gjerdet, men vil det gå bra å få dei om bord i båten?  Skeptisk er nok eg, men Lasse er roleg – dette har vore gjort mange gonger før. 

 

På sjøen

Dei første dyra gjekk greitt om bord, men så skjedde det – var det ein sauesankar som vart for ivrig med fotoapparatet?  Same kva – fire dyr hoppa på sjøen, men til mi store overrasking såg ikkje dette ut til å uroe så mykje.  Frode hoppa ned i fjøra og kontrollerte situasjonen.  Eit par blytunge sauer kara seg opp i fjøra igjen – og starta raskt med å ete tang og tare.  Dei ville få i seg litt salt snacks før dei vart lempa ombord i båten igjen.  – Rein rutine at sauer hoppar på sjøen, fortel Lasse og turen attende til Sæbøneset kan starte.

 

Epilog:

Som fleire sikkert no har fått med seg, er det ikkje alltid berre søndagsskuleord som vert sendt mellom Ola og Lasse på radiosambandet under sauesankinga, men - med fare for å bli mistydd - påstår eg at det bur  ein liten Jesus i dei fleste sauehaldarar  – i alle høve gjer det det i Lasse og Ola.  Saueeigarar gler seg over dagane då dei store flokkane kjem heim frå sommarbeitet, men gleda er nok større når ein klarer å få heim dei siste få dyra – dei dyra som gjeng vanskelegast til,  krev mest arbeid og gjev minst inntekt i kassa.  Slik er det og slik må det vere.  

 

Heilt til slutt - det er visstnok fleire og fleire som vel julaftasteik – ok, pinnekjøt – som middag på julekvelden.  Kan det hende  vi har ete desse fem trivelege sauene og lamma som vart henta ned frå  Saksa og Breifonndalen den 25. september?  Nei, ta det berre med ro.  Fire av dyra er no i sauefjøsen på Sæbøneset.  Rett nok slepp  dei ikkje tilbake til Maradalen neste år, men Lasse har sauer i Kvamsdedalen også.  Der vil dei få det godt.  Og det femte dyre?  Tja, sei det…

IMGP7694 kopi IMGP7699 kopi

Lasse på veg mot Leknesdalen og vidare mot Saksa

IMGP7706 kopi IMGP7712 (Large)

Frode(t.v.) og Lasse kikar etter sau frå Saksas toppar

IMGP7714 kopi IMGP7716 kopi

Utsikta frå Saksa er fin ho - berre ta deg ein tur å sjå

IMGP7724 (Large)

Frode ser mot sauene borte i Breifonndalen

IMGP7729 kopi IMGP7750 kopi (Large)

Turen ned mot sjøen med sauene har starta.  På fotoet til høgre ser vi Frode Holen ned til venstre.

IMGP7745 kopi IMGP7746 kopi

Det er vel dette som vert kalla ulendt terreng

IMGP7752 kopi IMGP7760 kopi

Ikkje alltid like lett korkje for sau eller sankar, men no tek vi til å få god tru.

IMGP7769 (Large) IMGP7776 kopi

Og det spisse fjellet på fotoet til venstre er sjølvsagt...? Til høgre ser vi Nutte,  i Aafk-fargane og skipper Ola i lettbåten

IMGP7779 kopi IMGP7782 kopi

Endeleg er sauene komne ombord i lettbåten og tilbaketuren til Sæbøneset kan starte.

IMGP7789 kopi

Du verden, sauene går i land på Sæbøneset.  Dette vart ein lang dag, men når forma er fin vert slike turar ei rein glede.

Lasse har bede meg vere snill å takke alle som er med han på sauesankingane.  Utan frivillig hjelp hadde det vorte svært vanskeleg for han å ha sauer på sommarbeite i Maradalen og dalane i nærleiken.

Framleis ei god jul

Helsing Knut Hustad