I forkant av den reguleringsplanen som gjeld for rassikringa, vart det av Statens Vegvesen grundig vurdert om det var mogleg å ha tunnelpåhogget i ura på utsida av Tussa sitt portalbygg eller i sida innnanfor dagens tunnelpåhogg, oppe i terrenget. Det vart konkludert med at desse alternativa ikkje lot seg gjennomføre.


Bjørke grendalag meiner at jettegryta er eit fantastisk naturfenomen som kan vere positivt for bygda, men me set ikkje dette framfor tunnelutbygginga, som er eit hasteprosjekt, der omsynet til liv og helse til ei kvar tid skal vege tyngst. Me kjenner oss trygge på at dei involverte gjer det dei kan for å sikre både framdrifta i tunnelbygginga og jettegryta.

 

 

Helsing Bjørke grendalag