Eg har alltid høyrt frå onkel Johan og Pappa at den finaste utsikta i hjørundfjorden skal vere Otålhornet (1312m.o.h) 

Eg har vore klar i eit par år,men trengde kjentmann.

Ein fin dag i August ordna det seg, Jon Urkegjerde ville guide oss,og kjekke turkameratar var, Ann Helene, Janneche, Margreta.

DSC01077

Vi starta kl 0900, og det var godt med litt niste på rasten i kvamsedalen.

 

DSC01080

Sprek pensjonist som viste vegen.

DSC01078

Vi gjekk opp eit gjøl ca midt langs Kvamsedalvatnet, som biletet viser er der ganske så bratt.

DSC01082

 Bak oss damene ser du Finnes og Bjørke.

DSC01083

Godt over halvegs, her er vi i Danmarksdalen. Har den dette namnet fordi her er så flatt ?

DSC01096

Snart på toppen og eit syn openbara seg. Jaggu mej lønn for strevet!!!

DSC01094

På toppen. sjekk den utsikta....Pappa stod på Sæbøneset og såg oss i kikert;)

Her ser ein heile Hjørundfjorden.

DSC01090

Dette er den lengste fjellturen eg har vore på, Turen tok ca 10 timar.Ganske slitsamt, som Jon sa,første gong eg har vore saman med fire kvinnfolk som har vore stille i over ein time. (...Eg trur det var den siste timen ;) ....)

Så Onkel Johan og Pappa dokke hadde heilt rett.

Sola snur snart og vi kan sjå fram mot ein ny sesong med opplevingar i fjellet.