I dag, torsdag den 18. desember, vart budsjettet til Ørsta kommune for 2009 vedteke. Dette vart sett på som eit avgjerande møte både for dei planlagde gymnastikksalane på Vartdal og Sæbø og ikkje minst den planlagde fleirbrukshallen i Ørsta. Etter ein lang debatt, gruppemøter i dei ulike partia og endeleg vedtak, vart det bestemt å løyve tilsaman 16 millionar til nye gymsalar på Sæbø og Vartdal. Det vart også bestemt at resten av kostnadane med nye gymsalar skal verte dekt gjennom dei rente- og avdragsfrie låna.
Steinar Nordang(Sp), leiaren for Utviklingsutvalet, kjempa hardt for nye gymsalar på Vartdal og Sæbø.
Dei fleste partia var samde om mange gode tiltak, men hovudspørsmålet var i dag korleis skulle desse tiltaka finansierast - og ikkje minst; korleis hindre at m.a. sjukeheimsplassar måtte nedleggjast. Den økonomiske situasjonen i Ørsta kommune er som kjendt ikkje god.
Eigedomsskatt vart eit sentralt spørsmål. Sosialistisk venstreparti og Arbeiderpartiet med Petter Bjørdal i spissen ville inføre eigedomsskatt. Frp og Høgre var dei to partia som kjempa kraftigast imot. Kristeleg folkeparti ville også ha eigedomsskatt, men Senterpartiet sa nei. Det heile enda med at Ørsta kommunestyre sa nei til eigedomsskatt.
Når det gjeld spørsmålet om nye gymsalar på Sæbø og Vartdal, hadde Formannskapet i eit tidlegare møte kome med framlegg om å løyve åtte millionar kroner til kvar av dei to nemnde salane. Dette sa også Ørsta kommunestyre no ja til.
Varaordførar Paul Kristian Hovden(Krf) brukte mykje tid og krefter på å få redusert beløpet til nye gymnastikksalar på Sæbø og Vartdal.
Likevel var det svært mange som spesielt la merke til Krf v/varaordførar Paul Kristian Hovden sin kamp for å redusere beløpet til nye gymsalar på Vartdal og Sæbø med fire millionar kroner. Desse pengane ville han/Krf i staden bruke på den planlagde fleirbrukshallen i Ørsta. På slutten av kommunestyremøtet ville han også bruke av desse gymsalpengane til kjøp av tomt til fleirbrukshallen. Likevel kan Hjørundfjordingane og Vartdalingane no puste letta ut - det vert nye gymsalar på dei to stadane. Spørsmålet framover vert nok no kor store skal desse gymsalane byggast.
Hans Olav Myklebust og Frp ville ha nye gymsalar på Sæbø og Vartdal og ny fleirbrukshall i Ørsta, men dei ville ikkje ha eigedomsskatt. Ei omfattande kuttliste vart likevel lagt fram på budsjettforslaget til partiet.
Når det gjeld den planlagde fleirbrukshallen i Ørsta, vedtok Ørsta kommunestyre å bruke mange millionar også her. Kommunen vil garantere for 18 millionar kroner i lån til hallen i den komande økonomiperioda i tillegg til m.a. å bruke fondspengar i 2010.
Mange spente tilhøyrarar var tilstades i kommunestyresalen på torsdag. Nærast ser vi kommunestyrerepresentant Sven Castberg(H). Han ville m.a. legge ned sjukeheimsavdelinga på Hjørundfjordheimen for å få budsjettet i balanse.
Kommentarar
Då er det berre å sette i gang å planlegge.
Skal dere vere scene så husk og søk musikken det kan fort utgjere nokre hundre tusen.
Kjekt å høyre kva dei sa.
Det var no vel ikkje berre Steinar som var på talerstolen.
Dette var første gongen eg var tilstades under eit kommunestyremøtet (i alle høve delar av det) og eg må berre seie at eg synest at ordføraren vår, Gudny Fagerhol, leidde møtet på ein god måte. Eg må også få lov til å seie at Framstegspartiet gjorde eit svært godt inntrykk. Det seier eg sjølv om eg på mange områder er djupt usamd med den politikken dette partiet fører. For det første la eg merke til at politikarane frå dette partiet var pent kledde. Det gjorde eit godt inntrykk, spesielt når ein veit at både næringslivpris og kulturpris vart utdelt. I tillegg hadde representantane frå Frp førebudd seg godt og representantane skiftes om å halde innlegg og ta replikk. Dei jobba godt. Ap, t.d., hadde tilsynelatande ein annan strategi. Rett nok var det tre-fire av representantane som tok ordet her også, men i hovudsak var det gruppeleiar Petter Bjørdal som toks eg av både innlegg og replikkar.
Når det gjeld representanane frå Hjørundfjord gjorde veteranane, Standal, Saure og Nordang, ein god innsats - som forventa. Likevel vart eg nok overraska over at fleire av "Hjørundfjord"representantane ikkje tok ordet. Dette måtte vere dagen for å gå på talarstolen for det mangla ikkje på åtak på Hjørundfjorden sine interesser. Eg tek sjølvsagt alle moglege atterhald, meng eg synest det er rart at Krf sin Knut Åmås, som heldt eig godt innlegg om helsepolitikken, let partifellen Paul Kristian Hovden kome med sine stendige framlegg om å redusere beløpet på gymsal på Sæbø frå åtte til seks millionar. Dette tente slett ikkje Krf, men heldigvis oppførde Hovden seg så uklokt at fleire og fleire politikarar reagerte mot han frå talarstolen.
I tillegg ville Høgre ved Sven Castberg legge ned Hjørundfjordheimen som sjukeheim og det kom også framlegg om å privatisere barnehagen på Sæbø og nedlegging av legekontoret på Sæbø vart også nemnt. Eg la merke til at t.d. Signe Turid Barstad(Sp) var flinkare til å kjempe for sjukeheimen enn våre eigne politikarar.
No vil eg ikkje seie at politikarane "våre" har gjort ein dårleg jobb, tvert om - det har blitt løyvd pengar til gymsal på Sæbø, men for ein kommunestyrerepresentant må det også vere viktig å syne att. Ein bør seie ifrå - det handlar om å påvirke både administrasjon og politikarar.
Sjøvsagt vart det ein gledens dag for dei av oss som har kjempa for gymsalar og fleirbrukshall. Likevel kan eg ikkje vere anna enn betenkt. Eg er svært overraska, for å bruke eit mildt uttrykk, over at det går han å få ja til eit benkeframlegg om å garantere for heile 18 millionar kroner på tampen av eit kommunestyremøte. Utruleg. No er eg ingen stor tilhengar av eigedomsskatt, men eg må seie at eg hadde forstått alle millionivesteringane om eigedommskatt hadde blitt innført. No bur vi i utkanten av ei kommune og i åra framover kjem det til å bli svært/for trange budsjett. Eg fryktar at det er kjøtvekta som kjem til å telje, dvs. det vil vere vanskeleg å gjere nedskjeringar i sentrumsområdet og dermed er faren stor for at utkantane - Vartdal og Hjørundfjorden - får lide. I alle høve er det svært viktig i tida og åra framover at representantane frå Hjørundfjorden er godt budde og held fram med- eller vågar å gå på talarastolen. Vi kan ikkje vente at dei andre politikarane skal kjempe for oss.
Kva leigeavtaler vart det langt fram.
Dersom ikkje inntekta og utgifter balanserte så kunne vel ikkje kommunestyret seie ja til garantier.
Om ein har folk til å referere og kommentere (og fotografere) kommunale møte i stil med Knut Hustad, kan portalen utan tvil vinne lesarar og nøre debatten!
Så, altså, takk Knut for eit lærerikt og tankevekkande eksempel!
Elles vil eg seie til Knut Hustad sin kommentar om kven som tok ordet eller ikkje, at det i ein prosess mot kommunestyret vert arbeidd godt og mykje i partigruppene. Kanskje kan eit standpunkt eit parti har, som Ap sitt standpunkt om gymsalar på bygdene koste kva det koste vil, ha samanheng med lokale representantar sitt engasjement på gruppemøta.
Fylket har no sakt nei etter det som stod i avisa.
Man burde i vert fall ikkje kritisere dei som skal behandle søknader skal man komme gjennom systemet med godt utfall.
Samarbeid med folk i fylket lønner seg.
Elles er eg veldig glad for at bygdene får gymsalane sine i år. Fleirbrukshallen er eg meir uroa over om eg har vor med på noke eg vil angre på, men eg har i dag vorte lova at eg ikkje kjem til å angre...;)
Kanskje kommuna kan samarbeide med musikken bendorganisasjonene om bruk av den gamle hallen.
Nå når det blir ny hall skal vel all gymtrening ol på skulen over på nyehallen.
Kommuna har vel alt inngått leigeavtaler med den nye hallen.
Kva gjer vi så med gamle hallen.
En ide eg har er at kulturen og musikken får bruke/leige den gamle hallen.
Den kan no bygges om til 4 øvingsrom for musikk i den og kanskje dei unge kan få seg ei innendørs skatbordbane.
Eg ser at musikkforbunda og kommuna i Trondheim har samarbeid i prosjektet (den gamle trikkehallen)
Musikkorganisasjonene har gått inn med penger og gir støtte i det vidare bruken.
Skulene som ligg like ved den gamle hallen i Ørsta kunne her få seg gode øvingsrom til musikk.
Kanskje lydstudio og for band.
Kanskje kan kommuna få noko i inntekt og på den gamle hallen.
Husk tenke på øvingsrom vist der skal vere scene på gymsalen på Sæbø.
Alle tilskot monner.
Eg er glad vi fekk til musikkverksted her inne. Mykje arbeid har det våre men med en god dialog med fylket og MV0 har vi nå fått musikverkstedet på plass.
Mykje står att og eg vil tru at vi kjem opp i en totalkostand på 300000kr
Men når man får tak i pengene frå musikken og sponsora slik at man slepp å låne så går det ann å få til slike musikkverksted.
Likevel, om nokon skulle tvile, eg meiner det er eit uansvarleg vedtak Ørsta kommune har gjort med å seie ja til ein storhall i år utan å vite skikkeleg konsekvensane. Ein burde i alle fall ha venta med vedtaket til etter jul - til etter at ein har fått vite kva økonomiske "pakkar" regjeringa kjem med. I det minste burde dei partia/dei kommunestyrerepresentantane som sa ja til storhall også sagt ja til eigedomsskatt. Men eg oppfattar det slik at kommunestyrerepresentant Unn Frøland(Sp) har blitt lova at ho ikkje skal angre på vedtaket. Vi andre får leve i håpet også, men når eg høyrde kva som vart sagt frå talarstolen tenkjer eg med gru på - slik Rune Sæbønes, redaktør i Møre-Nytt, nemner, jfr. bibliotek på Sæbø, legekontor på Sæbø/Bjørke, sjukeheimsplassar i Hjørundfjorden osb. Mykje tyder på at vi som bur i utkanten av Ørsta kommune får lide av eit lite ansvarleg vedtak - slik dei som sa ja til storhall, men nei til eigedomsskatt var med på.
Kva det vil koste å leige hallen ei helg til dansegalla veit ikkje eg.
Kanskje 50000 kr. 10ganger i året=500000kr
Nokon må bruke/leige han skal kommuna klare denne utgifta.
Inntekta frå idretten til trening utgjer vel neppe meir 1 mill.
Noko som veit meir om inntektssida?