Gode tradisjonar må haldast, så enkelt er det.  For svært mange - og slett ikkje berre bondalingar - høyrer den tradisjonelle 3. dagsfesten på Bondalen grendahus med.  Denne festen vert sjølvsagt halden denne jula også.  På vegner av festkomiteen lovar Eve Holen eit godt og variert program.

3.dagsfesten vert på Bondalen grendahus.  Dag og dato er laurdag den 27. desember og klokka 1900 vert dørene, og baren, opna.  Programmet startar klokka 2000.  Aldersgrense:  10. klasse.

IMGP8531 kopi

Jul, snø, kulde og 3.dagsfest høyrer saman.

Eve Holen lovar eit godt og variert program.  T.d. vert årets bondaling  gjort stas på og tek vi ikkje feil, får vi sjølvsagt vite kva som har hendt i dalen i løpet av året som har gått.  Og om nokon skulle tvile - det vert mykje meir av underhaldning.

I år vert det servert spekemat med det som høyrer til til middagen og når det gjeld drikke har festen skjenkeløyve.  Det vert dans med Guro Håvik og gruppa "Midi".

Og, understrekar Eve, det er bindande påmelding til festen innan 18. desember.  Det er påmelding til desse e-postadressene: eveholen@start.no eller bodilskare@hotmail.com.  Du kan også ringe desse to telefonnummera: 

70 04 00 29 eller 959 06 493

Prisen er kr. 250,- pr. person og billettane må hentast på Bondalen grendahus den 20. desember mellom klokka 15 og 18.

Alle er hjarteleg velkomne