Dei som har barn i 1. - 7. klasse på Sæbø skule har utvida badesesongen denne hausten også.

10 søndagar har barneidrettgruppa i Sæbø I.L. leigd tid i varmtvassbassenget ved sjukehuset i Volda, frå 15.00 - 17.00. Ungane våre bur og ferdast nær sjøen og barneidrettgruppa meiner det er viktig at ungane lærer å symje og verte trygge i vatn.

I tillegg er det er kjekt og sosialt for både barn og vaksne å vere i bassenget!

Badevakt er til stades, men barn må vere i følgje med vaksne.

For barneidrettsgruppa er det eit økonomisk lyft å leige bassenget. Vi håper derfor at så mange som mogleg støtter opp om ordninga og tek turen til Volda dei tre siste søndagane vi kan nytte bassenget i denne omgang. 

Dersom familiar med barn i Sæbø barnehage har lyst til å prøve varmtvassbassenget er dei hjarteleg velkomne til å bade i lag med oss.

Prisar:

Kr. 30,- for vaksne

Kr. 20,- for barn

Kr. 70,- for familie

Badepengane legg vi i ein eigen boks som barneidrettgruppa har med seg inn på bassengkanten.

Badetida er cirka ein time (men er der lite folk er vi ikkje så strenge på tida).

For Sæbø I.L. Allidrett