I annonsa stod det at julemessa på ungdomshuset Haukly på Bjørke skulle vare frå klokka 12 - 18.  Så viste det seg at det var nærast tomt for kaker allereie klokka 15 og Åse (Rørstad Saure) vart nærast fortvila, men Olga (Hagen) visste råd - ho sette i gong og lage ein ny porsjon vaffelrøre....

IMGP8287 kopi IMGP8299 kopi

På foto til venstre syner Åse Rørstad Saure at det nærast berre er att nokre svidde vafflar, men Olga Hagen - foto til høgre - berga situasjonen.  Ho var raskt ute med ny vaffelrøre og fekk fart på vaffelpressa igjen.

På Bjørke var det i dag eit nydeleg vêr - til å ha julemesse i.  Regnet hølja ned og vinden peip rundt alle husnover.  På ein slik dag fann mange det klokast å halde seg innandørs, dvs. vere på ungdomshuset Haukly og julemessa.  Inne var det så godt og varmt at sjølv leiaren for ungdomshuset, Perry Bjørke, fann at det var på sin plass å ta av topphua.

IMGP8291 kopi

Fleire har klaga over manglande foto på portalen av Perry Bjørke.  Her er han - utan topphua si.

Det var slett ikkje berre Bjørkefolk som var innom julemessa i dag.  Vi såg at der var  bondalingar og fleire ørstingar.  Kan god annonsering - også på Hjørundfjordportalen - vere årsak til dette?

Kven er det så som arrangerer denne messa? Det viste seg å vere litt vanskeleg å få svar på, men det næraste vi fekk vite var at det stod nokre "driftige damer" bak.  Ungdomslaget hadde ansvaret for matsalet og det var også ungdomslaget som selde lodd på bok.  Gevinstane var det damene i stikkeklubben som hadde laga/gitt.  Strikkeklubben held nemleg til på Haukly og gevinstane er for husleiga.  - Ei god ordning, konkluderte Perry.

IMGP8284 kopi IMGP8285 kopi

Vinhønene til Alvhild Bjørke Strømme var eit populært innslag.  I staden for å setje ein kartong "pappvin" på bordet, ta ut vinposen og plasser den i høna så vert det i alle høve god stemning.

IMGP8261 kopi

Gjennomsnittsalderen til dei frammøtte var nok over 30, men slett ikkje alle hadde fylt eitt år ein gong.

IMGP8294 kopi

Bertha Saure hadde laga flotte puter, dukar og mykje anna som ho selde.  Kva dei ulike teknikkane heiter reknar eg med at ein eller annan kan gje opplysningar om.

Ville du kjøpe t.d. tova luer, flotte- støypte stearinlys eller knivar i ulike fasongar og storleikar, var det også å få kjøpt på ungdomshuset Haukly på søndag.  Men ikkje alle ville selje det dei hadde og syne fram - Sverre B Bjørke, Postsverre, var ein av dei.

At Sverre, som tidlegare postopnar, er ein ivrig frimerkesamlar kjem nok ikkje som ei bombe for mange, men at han også hadde ei stor samling av myntar, spesielt minnemyntar, var overraskande.  Han hadde mellom anna betalingsmiddel som sikkert svært få andre i Hjørundfjorden har.  Kva med ein sølvmynt på eitt kg i 99,9 % reint sølv?

IMGP8266 kopi

Sverre B Bjørke med ein australsk minnemynt på eitt kg.  Men er det nokon som veit kva denne fuglen heiter?  Dette spørsmålet er dagens quiz.

IMGP8263 kopi  IMGP8267 kopi

Mange myntar til venstre, gullmynt til høgre.

Sverre manglar berre eitt av 189 Off.sak frimerker som er gitt sidan frå 1906.  Det han manglar har truleg ein prislapp på ca. kr. 11.000,-. - Det må nok dragast opp ein del torsk til før eg kan kjøpte det, humrar Sverre.  Han har også dei fleste Norgesfrimerker frå den same perioden i tillegg at han har frimerker frå ca. 1855 - 1880. I tillegg til dette kjem frimerker med førstedagsstempling.

Oddgeir Strømme, svigerson til Sverre, er også ein ivrig samlar.  Han samlar m.a. på postkort og Julemerker utgitt av Norske Kvinners Sanitetsforening.

IMGP8273 kopi

Oddgeir Strømme frå Høvdebygda er ein systematisk samlar.

IMGP8302 kopi

Keramikk og glaskunst høyrer også med.  Her ser vi i alle høve Oddbjørg Berg til høgre. (Ho er til vanleg busett i Leknes i Lofoten)

Men same kva - kaffi og kaker og ein god prat er det viktigaste, også på julemesser.

IMGP8276 kopi IMGP8280 kopi

Kaffi og kaker og ein god prat er viktig - også for Einar Saure til høgre.

Vel blåst.

Når det gjeld det økonomiske resultatet reknar vi med at Perry Bjørke kjem med det i kommentarfeltet under.