Den tida då ein ikkje kunne gå på butikken og handle det som ein trong for dei næraste dagane, måtte det tenkjast framover. Kornet skulle vare til neste haust, i slaktetida måtte ein planlegge matbehovet for eigen familie og kårfolket fram til neste slakting.

 Ein skulle passe godt på stabburslykjelen.

Stabburet var eit viktig bygg på garden og tente som lager for matvarer, redskap og anna som ikkje var så godt å ta vare på i fuktige, kalde kjellarrom.

Nilsastabburet

Nilsa-stabburet - d.v.s. Stabburet i Nilsagarden

Stabburet skulle stå på solar av stein der øvste steinen skulle vere ei flat helle som var vidare enn dei nedanfor. Trappa skulle ikkje gå heilt inn til veggen, helst skulle det vere ei opning på 30 cm. Slik hindra ein at rotter og mus kom seg inn og forsynte seg i matlageret.

Ivastabburet

Iva-stabburet og Nilsa-stabburet er svært like og det er truleg same bygningsmann som er ansvarleg for bygginga. Dekorasjonane er ikkje heilt like.

Ivastabburet inngang

Detaljar av inngangen til Iva-stabburet

Ved å heve stabburet opp frå jorda, hindra ein fukt i å trengje opp frå grunnen og inn i roma over. Samtidig fekk ein plass under til staur, ved og redskap som vogn og slede. Eg veit at under eitt av stabbura står ein gammal Tennfjord-motor som vart brukt til å drage truskemaskina på garden.

Maten vart lagra i bingar eller mjølbryer. i tønner og i hyller som var tilpassa det som skulle lagrast; t.d. flatbrød. I tillegg til at stabburet hadde godt lås -gjerne det einaste huset på garden som vart låst - sikra ein seg mot tjuvar ved å legge steinar under mjølbingane. På den måten kunne ein ikkje bruke bor opp frå undersida.

Stabbura 029

I stabburet kunne plassere t.d. ei heimelaga sportsvogn som ikkje vart brukt kvart år, i alle fall etter den yngste hadde passert "trillestadiet!.

Det er loftsrom på alle dei ni stabbura som står att på Urke. Desse roma vart gjerne brukte til soverom for tenestefolk eller til ungdommar på garden som kanskje sette pris på å kome i litt avstand frå sjølvfolket. Det vart større fridom på den måten og det kunne nok vere trangt i mange hus der det skulle vere rom til 2-3 generasjonar, i alle fall før kårstovene kom til.

Stabbura 022

Her finst skomakarutstyr, piper, skaft og barkeutstyr.

I dei fleste stabbura ser vi ei blanding av innvendige tømmerveggar og reisverk. Det er alt som tyder på at tømmerdelen er flytta frå andre hus, eller av  gamlehuset på garden som har vorte demontert når ein bygde nytt våningshus. Andre kjøpte inn hus som skulle rivast. Ola-stabburet har to innerrom i tømmer som skriv seg frå meieriet som vart nedlagt i 1918.

Olastabburet

Inne i Ola-stabburet er restane av Gamle-meieriet (1896-1918).

Stabbuert i Ramogarden vart rive i 1946-47 då vegen til Leknes vart bygd gjennom Ytre-Urke. Dette stabburet kjøpte han "Gamle-Syver" på auksjonen i 1880 då den gamle kyrkja på Sæbø vart auksjonert bort stykkevis. Stabburet hadde vore sakristiet på den kyrkja.  Etter vegbygginga vart det vedahus som tilbygg på løda, men har i løpet av dei siste 20 åra vorte rive og skal vere flytta til Prestegardsløda på Sæbø, har eg fått vite. Så der finst det meir enn to skattar!

Frikestabburet

Frike-stabburet - ei nypussa perle under store blodbøkar.

Gjerdsstabburet

Gjerds-stabburet - velstelt med gutarom på loftet.

Eg vil ikkje bruke portalen til å presentere alla stabbura på Urke. Det som er vist her, er døme på stabbura i vår bygd. Andre bygder har sine stabbur. Kanskje har lokale bygningsmenn sett sine preg på dei med annan byggemåte og stil?

Eg har lyst til å rose stabbureigarane på Urke som har teke så godt vare på stabbura. Mange er pussa opp og står der og minner oss om ei tid som var.

Eg har ei klar oppfordring til interesserte om å gjere ei registrering av gamle hus rundt om i bygdene i Hjørundfjorden. Mykje har gått tapt, men det som kan takast vare på, er med og gjer historia levande - vår lokale historie.

Forslaget mitt er at biletstoff og tekster kan gjerast kjent i bygda /bygdene ved oppslag på informasjonstavler, grendahus og andre høvelege stader.

Det er andre som har sett pris på stabburet. Eit lite vers i ei folkevise lyder slik:

Hanen stend på stabburshella, bonden gjeve honom konn. Rakkin skvakkar i bergje nord og hjuringen blæs i honn.