For ikkje lenge sidan tok Odd Bjarne Bjørdal formelt over gardsbruket til farbror sin, Samund Bjørdal, i Bjørdalen.  Straks etter, og truleg før det også, byrja Odd Bjarne planlegginga av ny sauefjøs på garden. 

No såg Odd Bjarne heller raskt at å bygge heilt nytt vart for kostbart - vitsen med å drive med sauer er sjølvsagt at ein skal tene pengar på det.  Odd Bjarne bestemte seg difor for å bygge om den tidlegare kufjøsen på garden - fjøsen som Odd Bjarne har nytta til sauefjøs siste åra - til ein moderne sauefjøs.  Idear til korleis den gamle kufjøsen kunne  verte ein god og rasjonell sauefjøs har Odd Bjarne henta frå ulike stadar, men  planlegginga og arbeidsteikningane  har han sytt for sjølv. 

IMGP8124 kopi

Etter mykje hardt arbeid har Odd Bjarne no god grunn til å smile

Den som eventuelt kika inn i den komande sauefjøsen til Odd Bjarne den 15. september lurte nok på om Odd Bjarne var sprøyte gal som satsa på at denne fjøsen skulle vere ein moderne sauefjøs allereie ca. 1. november.  Rett nok var  den gamle saueinnreiinga fjerna i midten av september, men elles var lite gjort.  Og la det vere sagt med ein gong - den femte november var sauene tørre og klare til å verte klipte "nye"fjøsen av Kieran McCallum (30).

  IMGP8108 kopi IMGP8114 kopi

Foto til venstre: Kieran McCallum har allereie klipt svært mange sauer for klokka 12.

Sjølv om Odd Bjarne har prøvd å gjere byggearbeidet på den mest rasjonelle måten, har det vorte mange svært lange arbeidsdagar i haust.  Det har vore mykje betongarbeid - først og fremst p.g.a. at det ikkje er full kjellar under fjøsen.  Difor er no fjøsen tilpassa til- og har fått montert hydraulisk gjødseluttrekk. Dette gjødselutstyret er montert av leverandøren - DeLaval, men elles har Odd Bjarne, med god hjelp av onkel Samund (snart 84), gjort mesteparten av ombyggingsarbeidet.

Sauene går no på strekkmetall og sjølve innreiinga er laga av material frå eigen skog - material som Samund har saga opp på eiga sag.   Dei siste dagane har Odd Bjarne brukt m.a. til å montere to stk. drikkenipplar i kvar garde.  I kvar garde er det elles plass til 10 sauer.  Det einaste som no står att er montering av portar i gardane og ein del målingsarbeid, m.a. i taket. 

Og kva med prisen?  Etter det vi forstår meiner Odd Bjarne at han har unngått budsjettsprekk.  Kostnaden vert ca. kr. 3.500,- pr. vinterfora sau, så kan ein sjølv rekne.

Den tidlegare driftsbygninga til Samund Bjørdal har to stk. plan-/gropsiloar.  Begge desse  siloane skal no gjerast om til avlastningsfjøs til bruk  i lammingstida.  - Det vert aldri for mykje plass om våren, hevdar Odd Bjarne.

Så må vi gå litt tilbake til saueklippinga.  Denne dagen, den 5. november, klipte Kieran McCallum alle sauene til Odd Bjarne i løpet av vel fem timar.  Vi forstår at han var god og varm undervegs.  Sjølvsagt var det Linda McWhirter som tok seg av ullsorteringa denne gongen også. I tillegg til desse to, fekk Odd Bjarne, som vanleg, god hjelp av nabo  - og også sauebonden - Palma Bjørdal.

IMGP8109 kopi IMGP8112 kopi

Godt humør er viktigt

IMGP8116 kopi IMGP8117 kopi

Og til slutt skal "ullgenseren" i sekken

For den som har lese ein annan artikkel her på portalen om dei to saueklipparane/ullsorterarane frå Irland/Skottland, kan det opplysast at Kieran har fridd til Linda.  Og ikkje berre det - han har også fått ja, men det går nok enno eit års tid til dei skal gifte seg.  I "ventetida" skal dei m.a. klippe sauer på New Zealand dit dei reiser i midten av desember.

Og til slutt:  Det kan vel hevdast at sauene er like kvarandre, men heilt like er dei ikkje - i alle høve er ikkje sauen under det.

IMGP8118 kopi

Kva slags sauerase er dette?

Heilt til slutt må det nemnast at Odd Bjarne satsar på å oppbevare grovforet i rundballar.  Difor har han no også fått rundballerivar på plass.  Ved hjelp av denne rivaren og kraftforsilo satsar no Odd Bjarne på at kvardagen i fjøsen skal verte både enklare og ikkje minst betre for helsa sjølv om det no verte fleire sauer å passe på.