No sist søndag tok Jakob og eg oss ein tur inn i Kvistaddalen.  Då vi nærma oss det største vatnet på Vasstøylen oppdaga eg noko - ei ny øy midt i vatnet?  Synet mitt er nok ikkje det det ein gong var, men Jakob var samd - der var ei øy der ute på vatnet.  Sjølv om vi var to som såg det, fann eg det likevel klokast å fotografere litt.  Det kan vere klokt å ha bevis for at ein snakkar sant.

IMGP8212 kopi

Klikkar du på fotoet og får det i stor versjon ser du det tydeleg, det er ei lang, smal øy der ute på vatnet.  Vi var framleis litt i tvil og gjekk litt nærare...

IMGP8214 (Large)

Utan tvil - det var ei øy.  Her er det endelege beviset.

No har ikkje vi kontakta verken presse eller kringkastning, men er det nokon som vil ta saka, ligg øya der - trur eg.  Rett skal likevel vere rett - vi såg ingen røyk etter vulkan eller liknande, men ei forklaring har det vel?

Jakob kan vere av den sindige typen så han tok seg ein skeissetur på den alt anna enn trygge isen som delvis låg på vatnet mens faren fotograferte og småskjende.  Men hjalp det?

IMGP8221 kopi

Skeisselauparen

Og vinnaren vart - Jakob Hustad

IMGP8222 kopi

Som vi ser av fotoa har det fine og milde vêret tæra mykje på snøen i det siste.  Det vert nok ikkje skitur på Lagnestinden den 14. november slik som i fjor, men kanskje må ein ta fram lengdelauparane?

IMGP8223 (Large)