Andre søndag i advent er det lysmesse v/ konfirmantane i Hjørundfjord kyrkje.

Like etter er det tenning av julegrana på Sæbø og det nye generasjonskorpset vil spele ved grana (som visstnok er ein tuja?). 

Generasjonskorps2

På Grendahuset vert det julemarknad like etter at grana er tent.

Her vil det vere sal av mat, tombola, åre og lodd på bok.

Mange flotte gevinstar er på plass!

Dalane skulekorps, generasjonskorpset, aspirantar og junioraspirantar vil spele under marknaden.

Generasjonskorpset er oppunder 20 medlemer når alle er tilstades og dirigenten meiner det tek til å verte god lyd i korpset.

Julemarknaden er eit stort lyft for oss. Dersom nokon vil hjelpe oss med ei kake, eller tombolagevinstar er vi særs takksame for det! (tlf. 915 69 591)

Vel møtt til ein triveleg ettermiddag!

Sæbø skulekorps og -hornmusikk (Generasjonskorpset)