Konkurransen vert tilsvarande som i 2006 og 2007, og konseptet er kjent for dei fleste. Her repeterer vi likevel nokre enkle reglar for julekalenderen.

  • Premie til dei tre beste deltakarane samanlagt.
  • Dei tre første med rett svar i kommentarfeltet kvar dag får poeng. (2 poeng til den første, 1 poeng til dei to neste med rett svar).
  • Du må vere registrert som brukar på portalen for å vere med i konkurransen. Du kan enkelt registrere deg som brukar her.
  • Ein lokal person (Hjørundfjording) som i ein eller annan samanheng har vore avbilda på portalen tidlegare vil vere blant dei utvalgte julenissane.
  • Det er kun underteikna som har fasiten, så alle kan vere med, unge som gamle.
  • Det er sjølvsagt lov å svare dersom du kjenner att deg sjølv som julenisse.
  • Eitt svar pr. deltakar er lov kvar dag. Dersom ein svarar fleire gongar er det første kommentaren som gjeld.
  • Tidspunktet for når ny luke vert lagt ut vil variere, så her gjeld det å følge med. For at konkurransen skal vere mest mogleg rettferdig på slutten, vil tidspunktet for dei 5 siste lukene verte annonserte på førehand.

Då er det berre å ønske lykke til.

Fjorårets vinnar i konkurransen var Magnar Leknes.