Det er vel på tide å vedgå at det har vore eit visst tidspress for både  den eine og andre for å få Hjørundfjordkalenderen 2009 ferdig i tida.  Men no ligg alle dei 500 eksemplara av Hjørundfjordkalenderen 2009 ferdig trykt hos Egset Trykk AS i Volda.  Underskrivne har enno ikkje sett kalenderen, men trykkeriet er opplyser at dei er svært godt nøgde med resultatet.

Det som no står att, er å setje metallspiralen i ryggen på kalenderen. Dette er manuelt arbeid som tek noko tid, men då vert sluttresultatet ekstra bra.  Styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering tek sikte på å pakke kalendrane på torsdag kveld og få sendt dei ut til dykk som har tinga på fredag.  Einaste atterhaldet er om vi får boblekonvoluttane i tida, men  det går nok bra. 

Fladalen

Slik ser baksida av Hjørundfjordkalenderen 2009 ut - med litt tekst "over" fotoet.

Styringsgruppa vona først at så mange som 300 til 350 kalendrar kunne verte selde.  Det viste seg heller raskt at denne prognosa ville sprekke og det vart bestemt at 500 kalendrar skulle trykkjast opp.  Av desse 500 kalendrane er no ca. 410 ute - heilt utruleg.

Det er altså 90 kalendrar som enno ikkje er selde, kanskje ikkje så mange, men ein del vert i alle høve lagt ut for sal no laurdag på butikkane Joker, Sæbø - Bellingen, Sæbø og Urke landhandel. Prisen vert framleis kr. 200,-.  Kjøper ein fleire, vert prisen kr. 175,- for dei neste.

Kalenderen kan enno tingast her: kalender@hjorundfjord.no eller du kan klikke på annonsa i venstre marg.

Tidlegare har desse foto vorte gjort kjende i lokalaviser og her på portalen:

_JKS_des_LITEN_RGB DSC_4910_2_justert_CMYK (Large) _JKS_juli (Large)