Bill 08

Kathrine Brekke tok billettar og Alfhild Wille har med barnebarn og kjem å heiar. Det likar vi!

Første kampen var J18/Dame Sæbø/Åmdal - Valder.
Som nyoppretta damelag er vi veldig spent på nivået på dei andre damelaga.
Etter helgas kamp er vi ikkje skremde...

Kampen byrja jamnt dei første fem minutta før Sæbø/Åmdal forstod at her var det berre å trykke på for vi var både sterkare og raskare. Mange fine avslutningar og fint spel førde til at jentene kunne gå til pause med leiinga 15-5!

I andre omgang vart det ei lita nivåsenking, jentene leia med 10 mål og slappa litt meir av men framleis var dei i føringa og etter ein flott gjennomført kamp kunne Sæbø/Åmdal juble over siger 25-17!

Rebekka spelte ein kjempekamp og redda minst 70% av målsjansane til Valder.
Heile laget kjempa godt der spesielt Malene og Else Marie drog opp fart og spel.

mot Valder 08 3

Det ser her ut til at Else Marie har gått til angrep på ein Valderspelar men det er berre ballen ho vil ha..
Tiril, Liv Grete, Rebekka og Torill følger med.

mot Valder 08 2

Tiril dansar med ( blokkerar) ein Valderspelar så Liv Grete kan konsentrere seg om å ta ballen..

mot Valder 08 5

Liv Grete når den,  og dansen er over...
Karoline, Malene, Else Marie, Rebekka (i mål) og Torill er beredt til mottrekk!

mot Valder 08 1

I neste øyeblikk er det høgt opp i forsvar..

mot Valder 08 6

Karoline, Sara, Elisabeth B, Anette, Rebekka, Kimberly og Elisabeth i forsvar.

J18 08 4

Jentene i nye drakter sponsa av StatoilHydro.
Bak f.v. Else Marie Stokke (6), Malene Aambakk (7), Kimberly-Mari Colclough, Tiril Holen, Anette Mork (3), Karoline Stokke og Elisabeth Brekke (1).
Framme f.v. Liv Grete Stokke (4), Elisabeth Melle (2), Rebekka Stokke, Sara Årseth og Torill Haugen Øye (2). Amalie Lied og Sunniva Aarseth er også med på laget.

G16 Ørsta/Volda spelte regionskamp mot Ørland/Bjugn. Dette vart ein fartsfylt og spennande kamp der Ørsta/Volda låg under med 1 mål mest heile kampen og
pauseresultatet var 7-9.

Andre omgang fortsatte i same stil før tempoet auka mot slutten av andre omgang. Gutane hadde ein forrykande sluttspurt og vann fortjent 20-17 i ein kamp der
Sivert Årseth spelte ein kjempekamp.

 G16 2

G16 6

Sivert Årsteth i angrep. Han skåra 10 av 20 mål!