Æresmedlemmar

Kari Riise (t.v.), Alfhild Wille, Kanutte Strand og Eldbjørg Tvegrov er nye æresmedlemmer i Sæbø IL. Ordførar Gudny Fagerhol delte ut æresmedlemskapen.

Dei fire kvinnene som no er æresmedlemmer i Sæbø IL starta med innsatsen sin for laget på 1970- og tidleg 1980-tal. Dei har alle sterkt medverka til at idrettslaget er veldrive og engasjerer så mange born og unge i Hjørundfjorden. Dei fire fekk utdelt æresmedlemskapen under Sæbø IL sin 75 års jubileumsfest på Bondalen grendehus laurdag.

Kari Riise har hatt eit hovudansvar for klubbhuset sidan det stod klart i 1987. Ho har halde huset ved like, og vore både reinhaldar, elektrikar, rørleggjar og målar for huset. I tillegg deltek Kari på dei dugnadene som er å delta på.

Alfhild Wille har ein stor dugnadsinnsats bak seg. Når det er arrangement i Sæbø IL, er også Alfhild der. Det er Alfhild som syter for at publikum og gjester får god mat. Ja, vaflene til Alfhild (saman med Nutte) er kåra til Sunnmøre sine beste. Alfhild er også ein ivrig tilhengjar, og følgjer Sæbø sine fotballkampar så ofte ho kan.

Kanutte Strand stiller også på dugnader så ofte ho kan, om det er på fotballkampar eller Skattejakta. Nutte har også i ei årrekkje ytt ein stor innsats for å samle inn pengar til laget si drift. Det er ikkje få sponsorkroner og gevinstar ho har fått inn.

Eldbjørg Tvergrov seier heller ikkje nei til ein dugnad. Ho har i tillegg teke på seg leiarverv, og vore leiar i Sæbø IL dei tolv siste åra. Eldbjørg har også representert Sæbø IL i overordna organ, i idrettsråd og krins.