Tyssefossen og trivsel på Bjørke
I går var Tyssefossen stor men den kan bli endå større.
Trivelig å vere på Bjørke når vi høyrer fossen brøle.
Bjørkingene trives bedre når fossen lager lyd.
Vi minnes den gang han var stor og ikkje temd av Tussa Kraft
Lagt inn av
Perry Bjørke
21.10.2008 08:52
21.10.2008 08:52
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som omhandlar temaet.
Kommentarar
Etter det eg har høyrdt så var folket i Bjørkegardane glade når dei fekk vekk støyen frå fossen? Eller var gleda mest over at det vart pengar på bok og gratis straum til grunneigarane i all framtid?
Vi burde få meir fokus på denne verdiskaparen(fossen)for Tussa og Ørsta kommune, så kanskje pengane sat lettar når de trenge hjelp av dei offentlege.
Nå kjem det vist stoff i Hjørundfjordboka til jul om det.
Det har våre skrive lite om tyssautbygginga
Det kan vi her inne forstå for det var mange ulykker på det anlegget.
Når det gjeld støyen så kan det hende enkelte av dei gamle synest det var bra å få det stilt.
Folk her oppe på Bjørke hadde ofte ei voldsom røst som dei sikkert fekk når dei skulle snakke i lag ute.
Nokre Bjørkinger hauket so det haurde det til Finnes.
Her var eit storbryllaup en gang i 30-40 år på Bjørke
Då folket (gjestene)vakna sa dei at det hadde våre lite sovn å få då det hadde blese så voldsomt om natta.
Det var fossen dei hadde haurt.
Men mange som er yngre sakner fossen.
Når det gjeld gratis straum så har vi kun(4kw)(minus skatt) men nettleiga er no mykje større og er ikkje gratis.
En av gamlekarene sa dette då dei selde fossen.
Eg trur gutongene(menn på 40 -50)har seld Tyssefossen for en kaffipakke.
Det var vel noko rett i det.
I dag hadde det sikkert våre 10 kw fri straum pr gard.
Bjørke har no navnet også frå fossen.
Dei vise seier at Bjørke kjem av ei lysning og det er sikkert fossen som var lysninga i terenget og som gav navnet Bjørke.