Veit nokon meir om hendinga, når på året bukken kom ned og årstal så ville det vere spennande å høyre meir om.

Me er fleire som i gode samtaler legg puslespelbitane saman på forhistorie og i etterkant på rasulykka i Molaupsfjella 24. november 1971, der sju mann miste livet. I den samanheng dukka dette biletet opp.

Nes på Trandal
Svein Stavset fortel at det er faren Knut Stavset som står saman med storbukken sin. Her er bukken vel komen heim att til gards.
Storbukken er eit prakteksemplar, men uten horn. Folket frå gardane på Strendene fortel at dette var heilt vanleg denne tida. 

Svein veit ikkje datoen for biletet. Bak Knut Stavset og storbukken ser ein terrenget som bukken har gått i. Både Svein og broren Einar Stavset er imponerte over prestasjonen til bukken. Det er ei bragd for ein bukk å kunne ta seg fram på strekket frå Molaupen til Nes.

Ukjent fotograf
Svein er usikker på kven som har teke biletet. Det hadde også vore kjekt å vite. Det har originalt vore eit lysbilete. Så har Stavsetfolket fått ein mindre papirkopi, fullt med rusk og rask på. Fotografiet er no med moderne teknologi "vaska", og biletet skal på veggen.Då hadde det vore kjekt å hatt fleire opplysningar på plass.


Rikskjendis
I boka til Arthur Klæbo "Farlege Fjell" frå 1981 heitest det at bukken vart rikskjendis. Skal tru om nokon har avisoppslag om bukken frå då han kom ned til folk i 1974 (eller 1973?). I boka står det for øvrig ein liten feil. Bukken kom ned på Nes, ikkje på Molaupshammaren. Dette er Svein sikker på. Bukken vart henta frå Trandal.

Bakgrunnen for historia
Rundt 1970 hadde bøndene på Ytre-Standal og Stavset geitebukkar beitande på austsida av Hjørundfjorden. Utgangspunktet var den fråflytta garden Molaupen, men i 1971 vart det ikkje råd å få heim dei mest gjenstridige bukkane. Dei trakk vekk frå folk, oppover i fjellsida, vart sky og vanskelege.

I løpet av hausten og heilt ut mot slutten av november vart det sendt over sankarlag frå gardane gong etter gong. Det var også kontakt med dyra. På eit tidspunkt hadde dei fått bukkane heilt ned til sjøen inne i Stokkelida. før dei stakk til fjells att. Det vart også gått opp med våpen i hand. Helga før den tragiske hendinga i Molaupsfjella var karane jamvel på skothald utan resultat.

Geitebukkar - fotoutsnitt fra ukjent avis
På biletet er truleg Johan Standal (t.v.)
saman med Kåre Årsnes, Kjell Jon
Standal, Ola Tvergrov og to
ukjente bak desse.
Foto: truleg Fiksdal.

Kort fortalt (skal legge inn skikkeleg skildring under kategorien Natur seinare): Etter snøfall og eit vér som slo seg heilt vrangt enda det heile i tragedie, den 24. november 1971. Fyrst vart ein frå sankarlaget teken av snøras i Molaupsfonna. Bergingsmenn kom til frå grendene rundt. Nye ras gjekk og fleire havna under snøen. Sju menn omkom denne natta. To kom frå hendinga i live etter å ha vore under snømassane i mange, lange timar.

Truleg var det seks bukkar der borte då raset gjekk. Fem  fekk dei heim dagen etter ulykka, men denne siste vart altså gåande att i fjella dei neste åra.

Kjenner du flerie detaljer til historia om bukken?