Damelaget Sæbø/Åmdalspelte sin forste kamp for sesongen onsdag mot Blindheim. Dette er eit veldig ungt damelag der berre ein spelar har fylt 18 år.
Dei fleste spelte på 16-års laget forrige sesong + vi har fått med 4 nye spelarar.

mot Blindheim 1

Jentene starta famlande og låg under 6- 12 til pausa.. Etter pausa derimot vart samspelet bra og jentene tok til å hale innpå Blindheim. Så rakna det litt igjen og 6 min. før slutt låg Sæbø/Åmdal under 17- 22.
Då plutseleg vakna dei. sluttresultatet vart 22-22 og vi var slett ikkje misfornøgde med sesongopninga! 

mot Blindheim 4 1

Utøyning etter kampen. Heidi og Roger stiller sporty opp som tenarteam for jentene!

Desse var med på kampen onsdag:Torill haugen Øye (2 mål), Tiril Maria Holen, Sara Årseth (1), Rebekka Stokke, Karoline Stokke, Else Marie Stokke (1), Liv Grete Stokke (4), Elisabeth Melle, Malene Aambakk (10), Anette Mork (4) og Kimberly Colclogh.
Amalie Lied og Elisabeth Brekke er også med på laget.

Rebekka2    Malene D

Rebekka, god å ha i mål og                      Malene, god å ha framfor mål!

J16 Åmdal/Sæbø spelte søndag sin andre kamp denne sesongen. Etter ein dårleg start låg jentene under 11-14 til pause i ein kamp der forsvaret lak som ein sil og ingenting fungerte..
Andre omgong starta litt famlande men dei siste 15 minutta spelte jentene kjempebra handball og tok att fire måls leiing frå Spjelkavik/Herd pluss fem mål til og kunne juble over siger 26-21!

forsvar

Redning av Rebekka!

Desse jentene spelte kampen i dag: Aina O. Bakke, Karen Ose Lid (2), Ingeborg Aam, Malene aambakk (12), Kathrine Brekke (3), Monica Krøvel, Hanne Stokke, Rebekka Stokke, Else Marie Stokke (8), Tiril Holen og Nina Hustad (1).

J14 Hovdebygda/Åmdal/Sæbø spelte i helga to kampar, mot Skarbøvik og Aksla2.
Den første kampen enda med knepent tap 5-8 mens mot Aksla måtte jentene sjå seg slått 6-18.

J12 Ørsta/Sæbø spelte mot Langevåg og måtte også tåle eit tap.

G14 Ørsta/Åmdal/Sæbø spelte først heime mot Haram laurdag 12-10, for så å møte same laget borte søndag.
Søndagens kamp endte også med siger, denne gang 16-13.

Forrige helg var det Talentturnering  i Trondheim der Sivert, Malene, Karen og Else Marie var med av "våre" spelarar.

 Talenr5

SUM (soneutviklingsmiljø) sone 15 J 93.
Bak f.v. Malene Aambakk, Åmdal, Else Marie Stokke, Sæbø, June Bergset, Hødd, Karen Ose Lid, Åmdal, Kristine Vike, Bergsøy og Kine Kvalsund, Bergsøy.
Framme f.v. Lisa B. Engeset, Elena Dale og Anette Dale , Volda, Marthe Takseth, Ørsta, Marit Helen Volsund, Bergsøy og Martine Bjørneseth, Bergsøy. Trenar har vore Ruth Frøystad frå Bergsøy.

Dette er ei turnering der dei beste i kvar sone møtest til kampar og for at enkeltspelarar skal få vise seg fram for talentspeidarar.

Talent2

Dei beste vart utplukka til talenttrening. Desse var med frå Sæbø, Åmdal, Ørsta og Volda f. 91, 92 og 93.
Bak f.v. Lisa Engeseth, Vidar Eidså, Frode Moe, Sivert Årseth og Hallvar Fylling.
Framme f.v. Else Marie Stokke, Malene Aambakk, Elena Dale, Line Hagen, Hilde Egseth og Kristin Eldholm + Silje Anette Sandnes som var skada.

Malene og Else Marie er vidare uttekne til regional Landslagtrening tirsdag og reiser mandag ettermiddag til Trondheim saman med Silje Anette Sandnes frå Ørsta.
Det blir spennande for det er mange gode handballjenter som kjempar om plassane.