Dei tre som står bak den komande loppemarknaden på bedehuset på Sæbø, Ann-Helen Urkegjerde, Haldis Fiskå Mo og Ingvild Åmbakk, strålar no nesten som sola. Gjenstandar av ulike slag støymer nemleg inn.  Men, understrekar dei tre, vi vil gjerne ha meir.

IMGP7884 (Large)

Gjenstandar/lopper strøymer inn og damene strålar. Frå venstre ser vi Ann-Helen Urkegjerde, Ingvild Åmbakk og Haldis Fiskå Mo.

Til no har dei fått inn pyntegjenstandar i massing, kopar, glas...  Det er berre å ramse opp.  Dei har fått inn dukar, gardin, golvtepper, spel, brødbokser, kakeboksar - (er ein heldig får ein ei kakeboks med kaker).  Og Ann-Helen opplyser at dei har fått inn verdfulle smykker, ringar...

...brukte trulovingsringar også?

- He, he, nei, slike ringar har vi ikkje fått inn, men skulle ein eller annan ha ein slik ring til overs, tek vi sjølvsagt mot det også.

- Nemnde eg den store, flotte kaffikjelen vi har fått av bedehuset, spør Ann-Helen og opplyser i neste åndedrag at dei har fått ein flott, sikkert flunkande ny saftkokar.  Bruksanvisninga ligg framleis i.

IMGP7881 (Large)

Ann-Helen syner fram den ubrukte saftkokaren - med bruksanvisning.  Her ser vi også den store kaffikjelen loppemarknaden har fått av bedehuset.

IMGP7886 (Large) 

Ingvild viser at loppemarknaden har eiga retro-avdeling også.  Koppar/servise frå 60- og 70 talet er no topp mote.

IMGP7882 (Large)

Manglar du ein duk, eit golvteppe eller gardin til vindauga i bestestova, er det berre å kome, seier Haldis - prisen skal vi verte samde om.

Sjølv om dei tre allereie har fått inn mykje, tek dei svært gjerne imot meir.  - Det vi ynskjer spesielt er småstolar og mindre møblar, seier Ingvild.  Ho  nemner kommodar, småbord, stolar - også gyngestolar og øyrelappstolar - kjøkenstolar, krakkar osb.  Ja, til og med spisestover, dvs. bord og stolar, tek dei mot.   - Vi har kanskje ikkje vore presise nok tidlegare, men det vi ikkje kan ta inn er store salongar, opplyser Ann-Helen.

- Og for oss som er litt gløymske - kva tid er det loppemarknaden skal vere?

- Loppemarknaden startar laurdag den 18. oktober klokka 11 og sluttar klokka 16, men her er også marknad på søndag - frå klokka 13 til klokka 16 då også, fortel Ingvild.

Og berre så det er sagt; det vert sjølvsagt matservering begge dagar.  Det vert både smørbrød, kaker, kaffi og sikkert mykje meir.  Og ein ting er sikkert - for kr. 30,- får du både bløtkake og kaffi og god stemning attpå.  Heilt sikkert.

P.S.:  Ann-Helen, Ingvild og Haldis tek mot gjenstandar/lopper både i morgon, tysdag kveld og onsdag kveld.