Då loppemarknaden på bedehuset på Sæbø opna laurdag klokka 11, var det allereie mange som stod i kø utanfor, det gjaldt å kome raskt inn for å få med seg godbitane.  Men det viste seg straks at det ikkje var nokon grunn til panikk - på bedehuset var der godbitar til dei fleste.

IMGP2126_1

Kort tid etter at dørene opna, var der minst 60-70 personar som ville sjå på- og kjøpe lopper på marknaden.

Det var nok flest kvinner som hadde interesse for loppemarknaden, men der var sjølvsagt også menn, m.a. kultursjef Jostein Mo - ein ivrig samlar.  Ein kunne også sjå fleire som kom for å sjå, men likevel reiste derifrå med hendene fulle.

IMGP2125_1

Øyvind Johansen, profesjonell oppkjøpar, kom den lange vegen til loppemarknaden heilt frå Oslo.  Vegen var lang, ja, men heller ikkje han reiste tomhendt frå Sæbø laurdag.

Øvind Johansen frå Oslo var der også.  Han lever av å reise landet rundt på loppemarknader og liknande for å kjøpe opp godbitar. Han var tilfeldigvis  på besøk hos mora i Volda, då han såg ei annonse og vart klar over loppemarknaden på Sæbø. Han var ein av dei som stod i kø då dørene opna.

Johansen kunne fortelje til hjorundfjord.no at dette  ofte var god butikk.  Han kjøpte også lopper/gjenstandar på Sæbø som han rekna med å kunne selje vidare for ein sum som var opptil 10 gonger høgare enn han kjøpte dei for. 

 

Det var Strikkeklubben på bedehuset i samarbeid med Hjørundfjord bygdemobilisering som var arrangør av loppemarknaden.   Haldis Fiskå Mo i arrangørkomiteen seier at mange reagerte på prisen på gjenstandane/loppene - dei meinte at mykje vart selt alt for rimeleg. - Kanskje kunne ein del gjenstandar vore prisa høgare, men, legg Haldis til, det er vel viktig at kjøparane er godt nøgde med handelen dei gjer?

Ann-Helen Urkegjerde opplyser at laurdag vart det selt lopper for ca. 21.000,- kroner og mat for ca. kr. 6000,-.  Søndag vart det seldt mat og lopper for ca. kr. 9000,-.

- Og kva skal det bruke alle pengane til, Ann-Helen?

Det er vi ikkje heilt sikre på enno, men pengane skal verte brukte til bedehuset i samarbeid med styret der.  Ein ting er likevel sikkert; bedehuskjellaren skal få nye gardin og så legg ho raskt til: - Du må skrive at vi er utruleg takksame for all den støtte og positivitet vi har fått og tusen takk til alle som har gitt lopper, og ikkje minst til dei som har kjøpt både det eine og andre.

Under ser vi nokre foto til frå loppemarknaden laurdag og søndag.

IMGP7993 (Large) IMGP7991 (Large)

På foto til venstre ser vi ekteparet Per Olav og Ellen Hustad Vinjevoll.  Dei vedgjekk at dei ikkje var av dei flittigaste til å gå på slike loppemarknadar, men denne måtte dei få med seg.  På foto til høgre ser vi Nanna Stokke(t.v.) i samtale med Haldis Fiskå Mo

IMGP7998 (Large)

Loppemarknaden hadde eige "5-kroners-bord".

IMGP2137_1 IMGP7994 (Large)

Etter ein god handel er det tid for sofabesøk, kaffi og kaker.  Gardina på fotoet til venstre skal no skiftast ut takka vere m.a. kaffidrikkarane.  På foto til høgre ser vi frå venstre Rune Mo, Olga Leknes, Karen Skår og Solfrid Leknes.

IMGP2141_1

Mor Ann-Helen og dotter Tonje oppsummerer helga på denne måten - med store smil.

Foto:  Ivar Svein Mo og Knut Hustad