Eg visste at Rolfen - Rolf Egil Riise - nyleg hadde vore ein tur på Lynghalstinden, eit nært, men noko vanskeleg tilgjengeleg fjell rett ovanfor Sæbø.  Ein kveld tok eg ein telefon og Rolfen var raskt til å svare ja til ein ny tur saman med meg i neste veke - om vêr- og føretilhøve  var lagelege, dvs. at fjellet var tørt.

No vart det slik at berre kort tid etter fekk eg eg eit spørsmål på ei tekstmelding - vil du vere med på Lynghalstinden på søndag?  Freistinga vart for stor, eg sa ja, men eg ser fram til ein ny tur opp på dette fjellet saman med Rolfen til neste år.  Denne tinden kan ein ikkje få for mykje av, den må vere eitt av dei beste utsiktspunkta vi har i Bondalen og sikkert også heile Hjørundfjorden.  Det same meiner Stig Helset og sikkert også dei av oss som likar imponerande byggverk. 

 IMGP7719 (Large)

Samanlikna med Dalegubben vert ikkje Lynghalstinden med sine ca. 1100 meter så høg, men utsynet over Hjørundfjorden er kanskje vel så godt derifrå.

Vi, dvs. far Olav Haugen, sønene Ronny og Brede, samt underskrivne, starta denne dagen turen frå Rise.  Traktorvegen oppover er fin å gå og seinare er "Gunnar-råsa" opp til Storenakken godt merka. Likevel vil eg nok meine  at å starte denne turen mot Lynghalstinden  frå Sæbø kan vere eit godt alternativ.  Ein går då sjølvsagt "Gunnar-råsa" oppover til sitt høgste punkt i Skondalen, går vidare eit lite stykke til oppover og tek så til høgre opp eit bratt, grasdekt - og keisamt - gjel(renne).  Eit lite minus med å gå "Gunnar-råsa" frå Sæbø er at ein då misser det flotte utsiktspinktet frå Storenakken.  Løysinga må difor vere å gå opp den eine vegen og nedatt den andre...

P9211143 kopi IMGP7523 kopi

Foto til venstre: "Gunnar-råsa" er godt merka anten du går opp frå Rise eller Sæbø. Foto til høgre: Frå det høgste punktet til "Gunna-råsa" i Skondalen går du ein bit til oppover og tek til høgre opp eitt bratt, grasdekt gjel. (Det vert brattare etter kvart).  På fotoet ser vi frå venstre Brede, Olav og Ronny Haugen.  Over hovudet til Ronny ser vi Lynghalstinden og rett til venstre for hovudet til Brede ser vi Dalegubben.

IMGP7520 kopi

Utsyn frå Storenakken den 21. september 2008.

Når du har kome opp den noko trøyttande grasbakken/gjelet/renna - kjært barn har mange namn - får du att for strevet.  Dette punktet kan også nåast av dei fleste som går "Gunnar-råsa" - om dei orkar.  Punktet/området har sikkert også eit namn som sikkert ein eller annan kan hjelpe til med. I alle høve passar det godt med ei matykt her før ein startar ferda oppover egga til toppunktet av Lynghalstinden.

IMGP7528 kopi 

Flott utsiktspunkt på toppen av gjelet, men kva heiter det?  Ned til høgre ser vi Sæbø.

IMGP7531 kopi IMGP7532 kopi

Ein litt kjøleg trekk her, men flottare "matbord" er vel vanskeleg å finne.  Det er sjølvsagt Bondalen vi ser i bakgrunnen på fotoet til høgre.

Tturboka "Fotturar på Sunnmøre" fortel at "Siste 100 m langs egga er luftig klatreterreng, grad 3".  Vi tre hadde tau og ein del sikringsutstyr i sekkane, men brukte det ikkje.  Fjellet var heldigvis tørt og godt, noko som må vere ein føresetnad for å gå der for ikkje-klatrarar. Yngstemann Brede hadde nok minst erfaring i slikt terreng, men også han greidde seg godt.  God tid er viktig.  Verst var det nok for far Olav som skulle sjå sønene gå der...

IMGP7538 kopi P9211162 kopi 

Det kan vel vere lett å tenkje litt Peer Gynt og Bukkeritt her.  Eit par vanskelege passasjar, men er ein ikkje høgderedd går det bra.  Foto til høgre:  Ronny Haugen.

Under er det ein del foto frå turen oppover egga.  Det vart mange foto, mest fordi ein nærast for kvart steg vart imponert over utsynet.  I fylgje den ovanfornemnde turboka skreiv den kjende tindepioneren William C. Slingsby:  "Vakrare utsyn enn frå Slogen vil du aldri sjå" Men etter ein tur på Dalegubben måtte han legge til: "Utsynet var fullt på høgde med kva Slogen kunne by på, og større kompliment veit eg ikkje av".  Eg lurer på kva Slingsby ville ha sagt om han hadde gått ned på Lunghalstinden, for der har han tydelegvis ikkje vore...

IMGP7547 kopi IMGP7549 kopi

"Ser du det same som eg ser, Knut"?

IMGP7567 kopi

- Trafikk både på tind og fjord.  Utsyn frå Lynghalstinden.

Når ein kjem heilt fram på toppen vert ein møtt av eit fantastisk byggverk, klikk her. Det er sjølvsagt den flotte varden på toppunktet det er snakk om, ein varde som sikkert vart bygd før krigen av Johan Flatnes, Einar Frøland og Lars Sæbønes. Varden er så godt laga at ein må lure på kvar fjellet sluttar og varden startar.

IMGP7570 kopi IMGP7571 kopi

Foto til venstre:  - Kvar sluttar fjellet og kvar startar varden?.  Varde nr. to på Lynghalstinden er også godt mura, men han er av nyare dato.  Den er nemleg bygd den 3.9.95 av Jonny Flatnes, soneson til Johan Flatnes.

IMGP7582 kopi P9211179 kopi

Litt fotografering frå toppområdet høyrer med.  Bak underskrivne på foto til høgre - foto Olav Haugen - ser vi dei to vardane.  I alle høve varden lengst bak har stede der i mange tiår og vil heilt sikkert stå der i minst like mange år til.  Bør Ørsta kommune frede den som ein kulturskatt?

IMGP7600 (Large)

...Har du sett den Gjendin-eggen noen gang?
Den er halve milen lang.
Hvass bortetter som en ljå.
Utenfor bræer, skred og lider,
rett nedover urder grå,
kan en se til begge sider
lukt i vannene, som blunder
svarte, tunge, mer enn tretten
hundre alen nedenunder. -

Vi var litt spent på vêret då vi starta turen.  Meldingane var ikkje heilt gode for ettermiddagen, men kulingen og regnet let heldigvis vente på seg.  Heller ikkje vart vi plaga med skodde sjølv om skodda etter kvart dekte toppen av Jakta.  Vi kunne difot ta oss tid til å ete blåbær også på turen nedover.  Aldri har vel denne mannen vore så full av antioksydantar som etter denne hausten...

IMGP7590 kopi DSCN4305 kopi

Litt leik høyrer med, men slik åtaferde likar ikkje ein far - knapt nok ein bror.

Og så ein quiz:  Kva heiter toppen under????

DSCN4319 kopi P9211200 kopi

Er dette fjell, tind, eller noko anna tru?

Denne sommaren og hausten har vel vore den flottaste fot-fjelltur-tida vi har hatt på mange år.  Ikkje berre var vêret godt, men det vart også fint i helgane sjølv om kvardagsvêret til tider var litt variabelt.  Og snart treng vi ikkje lenger drøyme om ski når vi skal ned eit bratt område.

Takk for turen.