Underteikna skreiv forrige helg ein artikkel her på portalen om skilting, identitet og eigenverdi. Det kom gode kommentarar til innlegget og fellesnemnaren er at det er viktig å vere synleg og gjere grepa som viser kven vi er slik at vi ikkje framstiller oss som uinteressanne. Dette gjeld ikkje personleg synleggjering, men det handlar om bygdene våre.

Skilt uten innhald

Vi vil ikkje bli framstilt slik!

Ivar Svein Mo representerer Bygdemobiliseringa som har på programmet dette med skilting av vegar og råser. I Kulturvernlaget er det kome fram eit forslag om informasjonstavler lik den vi ser på Øye, men ein ønskjer heller å framstille ei informasjonstavle i form av eit grindbygg. Idèen er god, men så er det om det stoppar opp der..

Grindbygg

                     Eit grindbygg i orienteringstavleformat ville bli fint.   Oppe i gavlen: VELKOMEN TIL URKE.

På oppslagsveggen måtte det bli rom for å presentere bygda gjennom oversiktskart, detaljkart, interessanne opplysningar om bygda og gjerne og orientering om overnatting, handel og hytteutleige.

Oppslag på tavla (2)

Eit tenkt eksempel på ei oppslagstavle om Urke. Rundt karta er det bilete og bør vere tekst om sjåverdige Haukåssætra, stabbura, kvernhusa, gamletunet på Lekneset, forslag til fjellturar, kraftverket, kaia m.m. (Klikkar du på biletet er det kanskje mulig å sjå fleire detaljar).

Eg har og teke til orde for at gardar og tun kan skiltast:

Samdegarden2

Når det gjeld skilting av eigen gard, eg det sjølvsagt ei privatsak.

Når det gjeld opplysningstavle, må vi kalle på "høgare" makter. Eg etterlyser altså:

Kven er det som kan gi svaret på framgangsmåten for å få på plass ei orienteringstavle i bygda? Er det Kulturvernlaget, Bygdemobiliseringa, Grendalaget, Reiselivslaget??

Eit skarpt blikk

Kvar er den som har eit skarpt blikk og kan gi svar?

Ein del av innhaldet på tavla og oppsetting og stell av tavla, må ein nok bruke lokal dugnad på, men ein må sikre seg at det vert brukt bilete og tekster som toler ver og vind og utføringa elles må vere så varig og proff at ei opplysningstavle ikkje vert til skam for bygda når det er gått eitt år.

Eg oppfordrar personar (inkl. politikarar og komm. adm.) å ta opp tråden og sette på trykk ei rådgiing og eit svar på m.a. spørsmåla som er reist ovanfor.