Det har lenge gått rykte om svingande musikk på Rekkedalskulen kvar søndag. Etter å tekje til motet, så vart det ein tur innom sist søndag, og det var skikkeleg ”trøkk” å høyre. Her var det Country og Country Rock musikk. Karane som spelar, kallar seg for Black Sheep og har ei besetning på 6 mann, der halvparten er hjørundfjordingar og resten kjem frå andre sida av eidet. Eller rettare sagt Åmdalingar og ein Volding(?)

Black sheep inne okt.08

Med i bandet er, Joakim Pettersen frå Volda (el-gitar), Arnt Egil Brautaset (gitar,mandolin,sang), Tom André Holen (bass),  Svein Ivar Holen (gitar sang), Øystein Nybø (slagverk) Sigurd Nybø (trekkspel, munnspel og sang)

Etter å høyrd på øvinga ei stund vart det pause og her måtte det spørjast ut kven, kva og når. Sjølv om dei vart forstyrra så var det ikkje sure miner for at dei måtte ta ein prat.

Øving Black Sheep okt.08

Frå øvinga på Rekkedalskulen. Fv. Joakim, Svein Ivar, Tom André, Arnt Egil, Øystein og Sigurd 

-Dette var bra musikk, men kven er dokke og her må vi fortelje folk på portalen litt om kven dokke er. Vi veit at det er halve av bandet som er frå Bondalen, men her er tre framandekarar frå andre sida av eidet?

- Ja det stemmer nesten. Brødrene Svein Ivar og Tom André Holen er busett no i Bondalen, men er fødde og oppvaksne i Åmdalen. Sigurd og Øystein Nybø er syskjenborn og Åmdalsgutar, men Arnt Egil Brautaset er ein fullblods bondaling, og har sine røter frå Brautaset i Åmdalen. Joakim Pettersen kjem frå Volda og er frå Lillestrøm. Det er ei god blanding frå vårt lokale distrikt, seier dei.

Black sheep trekkspel
Sigurd Nybø på trekkspel og Arnt Egil "Gilla" Brautaset på gitar.

-Men Tom Andrè sidan du er størst og eldst korleis kan de sleppe inn ein austlending i bandet?

 - Jau, det er ganske enkelt å forklare. Vi trengte ein gitarist og så fekk vi høyre om Joakim. Vi ila til og kontakta han og i tillegg til at han er ein likandes kar, så er han ein dyktig gitarist som er som bestilt for oss. Eg trur han også finn seg godt til rette ilag med oss og er med i kammeratgjengen. Og sjølvsagt for oss betyr det ikkje noko kvar folk kjem ifrå, svarer Tom André og ler.

 -Og for ein som ikkje er så bevandra i musikk, så kva slags musikk kan de tilby?

 -Vi spelar god dansemusikk innan country/countryrock. Me er innom både lokale, nasjonale og internasjonale artistar. Vi kan nemne Cash, Haggard, Creedence, så det skal vere noko for einkvar smak. Og så har vi 3-4 eigne låtar som vi har laga i fellesskap, seier dei.

 - Har de heldt på lenge?

 -Vi har spela ilag eit og eit halvt år no, og det har etterkvart vorte 20 spelejobbar og det meiner vi er bra for eit forholdsvis nystarta band.

 -Sidan det er røter frå Åmdalen i bandet, så er det vel litt ”folkemusikk” derifrå også då?

 -Jaudå, me spelar også litt frå Vassendgutane, men i vår eigen versjon.

 - Kva med CD eller plate. Kan vi få kjøpe noko frå dokke og ta med heim?

 -Nei ikkje ennå, men vi jobbar med det i lag med ei eiga heimeside der vi vil presentere oss. Heimesida er under oppbygging og vil få adressa: www.blacksheephome.com

 Laurdagskvelden 25.oktober er det speleoppdrag  på Sunnfjord Countryrock

 -Er dette er ein heilt vanleg øving eller er det noko spesielt som stend føre no?

 Karane er nokså samstemte, også i prat, og dei kunne fortelje at til komande helg, 24.-25. oktober er dei innhyra på laurdagskvelden på den årlege Sunnfjord Countryrock, som vert arrangert for 6. gong på Rica Sunnfjord Hotell. Dette er stor fest med konsert og dans i to etasjar i Barthold Bar og Sunnfjordsalen.

 På fredagen er det Sie Gubba frå Trøndelag, Åsmund Åmli band frå Sørlandet og Steinar Engelbrektson band frå Nordfjord som spelar. På sjølve laurdagen er det Black Sheep, Vassendgutane frå Ørsta og Kruttrøyk frå Nordfjord som står for dansemusikken og underhaldninga. 

 -Korleis i allverda har dokke fått denne spelejobben då? Er det ei oppvarmingsbandrolle for dei kjende karane frå Åmdalen dokke skal fungere som?

 - Vi har fått jobben gjennom agenten vår Flan Booking i Ålesund og det har ikkje noko med Vassendgutane å gjere. Dei skal spele i Sunnfjordsalen og vi skal spele Barthold bar. Vi er engasjerte for å spele i to timar og har 40-50 songar på repertoaret.

 - De har fått virkelege kremjobben no då, og vi kan rekne med nye musikkmilionærar å lese om, når skattelisten vert lagde ut neste haust?

 Honoraret er hemmeleg.

-Å nei der er nok den største forskjellen mellom oss og kollegaene i Åmdalen, ler bassisten, Tom André Holen, med eit glimt i auge. Vi er no nybegynnarar og får nok honorar deretter, og noko meir får du ikkje vite i den saka. Men denne jobben har ein stor fordel, for det meste av det vi treng er klart på scena frå før, så vi treng berre å ha med eigne instrument og dei minste forsterkarane, seier han.

 -Vassengutane heldt stor konsert på jubileumet til Ungdomslaget i fjor og det vart ei folkevandring med stemning på topp, så heile ungdomshuset held på å rivne. Kva tid har de tenkt å lage same stemninga på grendahuset her i Bondalen?

 - Vi er klare når bondalingane er klare for oss. Vi kan lage skikkeleg ”trøkk” eller servere rolig og stemningsfull musikk. Vi leverer den vara som folk ynskjer. Det er berre for bondalingane å ta kontakt, så stiller vi gjerne opp og lagar stemning.

 - Og etter denne jobben no komande helg så er det vel fullt program framover?

 - Nei det er ein kamp om beinet og det er ikkje heilt fastlagt kvar vi skal spele no fram til jul, men 2. juledag vert det speling på ein julefest på Vestnes og 3.juledag på Tustna på Nordmøre. Juleborda er ikkje fastlagde endå, men vi rekna med det vert travelt framover, avsluttar dei.