Veterangjengen var innkvarterte på Offisersporten hotell i gamlebyen, ei tidlegare militærkaserne som no var gjort om til overnattingsstad. Det passa bra for veteranane som er vande med å vere ein disiplinert gjeng. Dei fleste hadde sett fram til fredagskvelden, for denne gongen skulle eit nytt lagutvelgingssystem prøvast ut. Internkampen dei siste åra har vore for ujamn, og etter fjoråret vart det dermed bestemt at  eit nytt seedingsystem skulle settast i verk.

Alf Ole Aarseth med sitt alter ego Alf Inge Slinning, har gjennom året seeda gjengen etter beste evne.  Dei 16 veteranane som hadde fått klarsignal frå fastlegane sine om å få spele, vart dermed inndelte i fire seedingnivå. Administrator Aarseth hadde fått tak i 16 kinderegg-kapslar med namnebrikke inni, og då komiteformann Audun Lyshagen på fiffig vis trylla fram fire store glasbollar var det vill jubel og klart for tidenes fredagstrekning. Champions league-hymna ljoma gjennom romet, og vi mangla berre Åse Kleveland som konferansier og UEFA-president Michel Platini som kontrollør for at dette var nærast komplett.

Spenninga i lokalet steig i takt med uttrekte veteranar og etter ein halvtimes seanse, var det tilsynelatande to jamngode lag som skulle møtast til dyst dagen etter. Men tradisjonen tru var sjølvsagt begge lag overtydd om at dette ville verte lett match. Som alltid. Gult mot kvitt, veteranar mot ringrevar. Let the game begin.

audun1
Komitéformann Audun Lyshagen er klar for trekning.

audun2
Lyshagen kontrollerer at handa til Arnt Egil Hjellen ikkje prøver seg på juks.
Lagtrekkinga er godt i gong.

Etter frukost på hotellet der det gule og kvite laget stirte olmt på kvarandre og prøvde seg med diverse utpsykingar, var laga klare til kamp på Merkurbanen ved Fredrik II Videregåande skule. Rett før kampstart fekk målmann Knut Inge Haugen erfare at eine keeperhansken var vekk, og mistanken vart straks retta mot ein av profilane på det gule laget. Spenninga og nervøsiteten var til å ta og føle på. Men keeperhanske eller ei, det viste seg at det var liten grunn til uro for det kvite laget. Dei gule vart slått 6-2 og sigeren var aldri trua. Alf Ole Aarseth sørga for svekka truverd til sitt eige seedingsystem med å verte toppskårar med 4 mål.

Kvitt lag – Gult lag 6-2

3 x 20 min (1-0) (4-2) (1-0)
Bane: Merkurbanen (kunstgras)
Hovuddommar: Øyvind Ose
Assistentdommarar: Jørund Walseth og Audun Lyshagen

Mål kvitt: Alf Ole Aarseth 4, Bård Forbord, Kenneth Nydahl

Mål gult: Henning Nydahl 2

Sjølv om det kvite laget mangla ein keeperhanske, var kanskje mankoen på det gule laget verre å erstatte. Krumtapp i forsvaret, Sverre Børge Hjorthaug, måtte nemleg kaste inn handkleet rett før kampstart med uorden i tarmsystemet. Ein Oddbjørn Hjelmeset-liknande mage førte til at Hjorthaug måtte tilbringe samtlege minutt av internkampen på do.

lag1
Vinnarlaget som vann 6-2. Bak frå venstre: Bård Helge Forbord, Svein Jon Holen, Alf Ole Aarseth, Oddmar Aklestad, Knut Inge Haugen.
Framme: Kjell-Johan Aarseth, Vidar Holen (kaptein), Kenneth Nydahl.

lag2
Ingenting å seie på humøret trass tap. Bak frå venstre: Odd Rune Walseth, Arnt Egil Hjellen (kaptein), Kjetil Leknes, Jens Arve Forbord.
Framme: Lasse Sæbønes og Rolf Egil Riise.
I bakgrunnen ser vi Henning Nydahl som også var med på det gule laget, men som vart dyktig sliten utover i kampen og valgte å kvile.

dommartrio
Denne myndige dommartrioen løyste oppgåvene sine perfekt.
I midten hovuddommar Øyvind Grim Ose flankert av assistentane Audun Ove Lyshagen og Jørund Leif Walseth

Komitéen hadde i år ordna med ein godbit for Hjørundfjordingane på tur. Nemleg ishockeykampen mellom Stjernen og Lørenskog. For dei fleste bondalingane var live ishockeykamp ei ny oppleving, og ein glad og munter gjeng benka seg på tribuna i Stjernehallen for å heie fram Fredrikastad sine håpefulle. Og Sæbøgjengen gleid rett inn blant heimepublikumet. Lørenskog sin keeper fekk gjennomgå med buing kvar gong han tok turen bort til vantet der Sæbøgjengen var plassert.

3 periodar á 20 minutt var veteranane vande med, og mellom periodane var det  heile 18 minuttar pause. I den første pausa nytta nokre veteranar til å støtte opp om heimelaget endå meir. Iført raudt supportarutstyr såg Bård Forbord & co ut som dei var oppvaksne i ishallen. Og då den tidlegare Stjernenstjerna og legenda på Noreg sitt ishockeylandslag på 80-talet Ørjan Løvdal stilte opp og signerte autografar, fekk hockeyopplevinga ein ekstra dimensjon.

I den siste pausa slo publikum til med storstilt applaus. Og det var ikkje på grunn av dei lettkledde duskedamene på isen det var snakk om. Nei, sæbøveteranane slo til med ein vakker og særs samstemt utføring av bondalssongen under kyndig leiing av dirigent Rolf Egil Riise. Over 1000 begeistra østfoldingar lot seg rive med og applausen varma veterankoret. Eg ville tippa at Laura Frøland også ville hatt ei tåre i augekroken hadde ho høyrt framføringa med den akustikken som Stjernehallen kunne vise til. Etter det musikalske høgdepunktet var det klart for 3. periode og heimelaget skuffa ikkje. Anført av mannen med gullhjelmen, Stjernen sin argaste poengsankar, Henric Höglund, vann Stjernen til slutt 5-2 over Lørenskog.

Etter kampen fekk Sæbøveteranane møte sportsjef i Stjernen, den tidlegare mykje omtalte Lyn-direktøren Morgan Andersen. Autografen hans hamna på genseren til Smurfen & co og vi kan garantere at namnetrekket var ekte… Morgan var ein fin fyr, og stilte velviljug opp for å møte bondalsgjengen.  Morgan ofra jubelscenene i lag med heimelaget i garderoba for å få handhelse på dei langveisfarande sunnmøringane. Ikkje kvar dag det er slikt klientell i Stjernehallen må vite.

hallen
Klar for ishockey i Stjernehallen. Jens Arve Forbord, Kjell-Johan Aarseth og Svein Jon Holen.

tavle
Trauste bondalingar får innføring i hockeyreglane. Ikkje lett å halde styr på slashing, tripping, icing og interference. Men offside hadde vi høyrt om.

publikum
Viktig med mat i skrotten når ein skal overvære hockeykamp. Rolig opptakt for Sæbøgjengen på tribuna. Men stemninga skulle auke.

cheer
Duskedamer høyrer med i ei sådan stund. Veteranane fulgte nøye med.

keeper
Keeper Matt Harpwood på Lørenskog fekk ein travel ettermiddag.

supporter
Rolf Egil Riise, Odd Rune Walseth og Sverre Børge Hjorthaug hjalp til ei slunken klubbkasse i Stjernen med å investere i supporterutstyr. Flotte karar i flotte fargar.

laga
Gemyttleg tone mellom laga etter kampen. Lite slåstkampar å melde om frå Stjernehallen.

dommartrio2
Denne dommartrioen stod ikkje tilbake for Øyvind Ose & co.

morgan2
Stjernemøte. Ikkje lett å sjå kven som er sportsdirektør på biletet. Ein dresskledd Alf Ole Aarseth konstaterer at namnetrekket til Morgan Andersen er ekte.

morgan3
Ein glad gjeng jublar over 5-2 til Stjernen. Frå venstre: Odd Rune Walseth, Rolf Egil Riise, Henning Nydahl, Morgan Andersen, Bård Helge Forbord og Alf Ole Aarseth.


Etter ishockeykampen vanta det lovord til komitéen for ei fin oppleving. Seinare på kvelden var veteranane samla på restaurant for å nyte ein betre middag. I utgangspunktet var Big Horn Steakhouse eit naturleg val, men fleire veteranar uttrykte misnøye med dårleg service og vi valde derfor å innta måltidet på Chang Cheng i staden. Her var servicen på topp, og ei atmosfære som passa veterangjengen mykje betre.

Søndag var det tid for oppsummering og heimreise. Årets pokal gjekk i rein sympati til Sverre Børge Hjorthaug, som missa internkampen grunna magebesvær. Årets komité med Audun Lyshagen og Arnt Egil Hjellen gav stafettpinnen vidare til Kenneth Nydahl og Kjetil Leknes. Dermed skulle ei vidareføring av veterantur-konseptet vere i trygge hender. Vil takke for årets tur og ser allereie fram til neste haust med forventning.

sverre
Ein blid pokalvinnar, Sverre Børge Hjorthaug. Svein Jon Holen er også glad på Hjorthaugs vegne.  

komite
Avtroppande komitéformann Audun Lyshagen imponerte med eit solid  økonomisk overskot etter årets tur. Veteranprotokollen er no overlevert til den nye komitéen.