Haustfesten som var sist laurdag skal verte ein årleg tradisjon og til inntekt for grendahuset. I år vart det ein kombinert taktekkjarfest. Etter at over 60 personar hadde teke plass i lag med dei pent pynta borda og i ei svært god stemning, helsa leiaren, Rune Mo, alle velkomne før eit flott dekka koldtbod vart gjordt klart for servering. Det var spekemat  med kokte poteteter og diverse ostar frå vårt lokale meieri i Ørsta, til gode kjeks og flatbrød, som stod på menyen.

Haustfest08
Folk har begynt å kome seg på plass.

Huset hadde fått løyve til servering av øl og vin, så mange benytta seg av dette tilbodet og vertskapet gjorde ein utmerka jobb, slik alle treivst frå fyrste stund.

Tore og Aage får påskjønning
Tore Stokke og Aage Solhaug fekk takk frå Rune Mo, for sin leiarinnsats  ved takreperasjonen.

Etter at maten var godt i gong, var det ein liten høgtideleg takk frå grendahusleiinga til nemnda, og hovudpersonane i arbeidslaga som stod for dugnadane ved takreperasjonen. Dei fire dugnadsbasane var Aage Solhaug, Tore Stokke, Lars Molvær og Arne Lied. Lars og Arne hadde ikkje anledning å kome på festen for å motta heideren, men Aage og Tore stilte opp til stor applaus frå festdeltakarane.

Aage takka for oppmerksomheita og måtte berre nemne at ved taktekkjing med torv var det ofte tradisjon med heimelaga øl, og han hadde høyrdt om eit stort hustak skulle være eit 60liters tak, og då måtte han berre lure på kva ein kunne sette som liter på grendahustaket? Forsamlinga svara med applaus.

Haustfest I 08 Haustfest II 08 Nybø har kontroll

Åge Nybø fekk strakst opp stemninga når han begynte å spele.

Åge Nybø har fått til god stemning

Bilete taler for seg. Her er kvelden godt i gong.

Hilde og Ollen pen ungdom av god årgong. Og Bodil feira fødseldag ilag med sin Rolf
Hilde og "Ollen" er flotte representantar for den voksne ungdommen. Bodil feira gebursdag i lag med sin Rolf

Oddhild og Håvard let seg forstyrre.

Oddhild og Håvard vart overraska av fotografen.

Haustfest 08 Admi

Til slutt vart kl.02 og eit vertskap kunne puste letta ut etter ein vellukka kveld. Fv.Karianne Myklebust, Rune Mo, Gry Valset, Marion Mo og Synnøve Mo

(Alle bilete kan klikkast på for å få full størelse)