Hjørundfjordområde har vore eit fråflyttingsområde, men det er no kome hjelp frå tidlegare Aust-Tyskland med busetning.

 På Åmyra på Kvistad, har tidlegare i år ein mann frå Tyskland flytta inn, og det har vore stor aktivitet med oppussing. I sommar kom ei kvinne og deltok i oppussinga også, og naboane forstod at dette måtte være kona. Kona reiste etter nokre veker, og naboane konkluderte med at då var nok ferien over. Men seinare i haust kom ho attende og no fekk bygdefolket etterkvart greie på at ho var koma for å verte fastbuande. For desse to har Norge vore ferielandet nr.1 då dei har vore på bubilferie i 2002 i Lofoten, 2003 på Sæbø og i 2007 på Rjåneset.

 Etter kvart har desse to vorte ein del av lokalmiljøet og for kona er det svært viktig å treffe norsktalande for å lære norsk, så ho kan få seg fast arbeid her i landet. Mannen har vore her eit år tilsaman og kan godt norsk.Han budde  fyrst i eit eldre hus i Vatnebakkane i Ørsta. For å lære fortare språket så går dei to dagar i veka på eit 50 timars norskkurs i Ulsteinvik.

Berndt og Manuela sept.08

Bernd (46) og Manuela Ritter (43) har flytta til Bondalen og trivst godt på Kvistad. Dei kjem frå Ostritz i Sachsen i Tyskland. No er den store utfordringa å lære det norske språket.

Manuela og Bernd Ritter kjem frå Ostritz i Sachsen i Tyskland. Byen ligg like attmed grensa til Polen og har ca.3600 inbyggarar. Administrasjonen ligg i storbyen Dresden. Etter at muren  fall i 1989 har det vore store endringar i byen ,og i lag med anna verksemd vart den lokale kolgruva nedlagt og dei fleste måtte sjå seg om etter nytt arbeid. Kolgruva er no fylt med vatn og ligg som ein liten innsjø i eit stort industriområde.

Fasade Balkong

Restuareringsabeid som Bernd har gjordt i Gørlitz. Her er fasada på denne bygården fornya. Balkongen th.er eit fagarbeid for ein stukkatør.

Bernd hadde jobb med restaureringsarbeid i byen Gørlitz, ein by på same størrelse som heimbyen. Han har sveinebrev som stukkatør eller "stuckateur" på tysk. Stukkatøren er ein spesialist i restaurering av bl.a. interiør, puss, stuccoskulpturar, fasader osv.. Han arbeider med gips, betong og stuccomasse som er ei blanding av gips og marmor. Bernd arbeider i dag ved Ørsta brygge AS der han har jobb ut i neste år.

 -Er det ein tysk meister med adelstittel vi har fått til landet Bernd? Etter det vi har lese på Google så er Ritter oversett til norsk, som riddar, og er den nest lavaste adelstitellen i Tyskland, med ”von” framføre.

 - Å nei, ler han. Det er langt ifrå nokon adel i hans slekt, og meistertittel i faget har han nok ikkje hatt anledning å skaffa seg. Du må være stor i Tyskland for å få denne tittelen og det er berre ein draum eg har hatt om å verte meister i faget mitt. Det er ekstra krav til fagleg dyktigheit, og ein må ha ekstra utdannelse innan økonomi, og firma med fleire ansatte for å kunne halde dei store årlege avgiftskostnaden berre for å behalde tittelen. Kanskje i Norge kan draumen gå i oppfyllelse då her er lettare og billigare for å få ei slikt løyve her, seier han.

 -For ein som jobbar i denne bransjen i Tyskland betyr det mykje reising, og ein må bu vekke på arbeid i veka. Etter 1995 vart det lite og ingenting å få frå den Tyske stat til dette arbeidet og det er dei lokale myndigheitene som må finansiere vedlikehald på bygningar. I Norge kan det verte lite med spesialoppdrag, men puss og murarbeid vil nok vere behov for her også, og han er optimist til den framtidige arbeidssituasjonen her i landet. Eg er innstilt på å ta det som byr seg av arbeid innan mur og puss for å kunne få kome heim til kona kvar dag, seier Bernd

Sa opp jobben som "drogeriemarkt" leiar i Bernstadt for å flytte til Norge

Fru Manuela har fått seg jobb på hotellet på Sæbø og er utdanna optikar frå Pentacon i Gørlitz, som er eit dotterselskap til Zeiss Jena. For å sleppe ei lang jobbreise medan sonen voks opp, så har ho vore butikkleiar i eit "drogeriemarkt" i Bernstadt. Dette er ei forretning som sel bl.a. medisin og kosmetikk. Her var tre tilsette. Ho bestemte seg for å flytte etter mannen til Norge, og i sommar sa ho opp stillinga si og kom nordover.

Kloster i Ostritz
 

Abbey of St. Marienthal Convent er eit av dei eldste kvinnenkloster av cistercienserordenen i Tyskland, og som siden den vart grunnlagt i 1234  fortsatt er lik sin opprinneleg form.

Gjestfriheten er regelen i St. Benedikt klosteret i Ostritz. Her kan folk kome og få stillheit der dei blir bedd for, og i tilegg får dei arbeide i lag med dei 17 nonnene. Ein del av intektsgrunnlaget er  vinproduksjon av drueavlinga.

 

 Mange frå heimstaden vil no nytte høvet til eit besøk til Norge og sist veke hadde dei besøk av sonen sin(22) som studerar i Canada, og som dei ikkje har sett på over eit år. Han var her ilag med tre vener og dei hadde ein flott opplevelse av Sunnmørsnaturen i det flotte haustveret som har vore. Dei fekk bl.a. ein fantastisk båttur med MS Hjørundfjord til Bjørke på tysdag 23.sept., i det strålande veret og den blikkstille fjorden.

 

 

Komande helg får ekteparet besøk igjen av 6 vener frå heimlandet. Kanskje dette kan verte starten på ein ny giv for bygda?

 -Korleis har møtet med Norge vore, Manuela? Du har vorte flink å forstå norsk etterkvart.

 -Å forstå norsk går greit og det er er enklare for meg no å forstå norsk enn engelsk, så eit ynskje er at folk snakkar til meg på norsk. Skal eg lære norsk, må eg snakke norsk. Det er øvelse som gjer meister, også med språket,seier ho.Kulturforskjellane er ikkje så store som ein skulle tru, og det har vore berre vennlegheit å møte blant folk. Eit fyrste ønske då eg kom, var å få  jobb på

Manuela sitt kalenderblad for oktober08

Kalenderbladet til Manuela for oktober, viser druerankane i heimbyen som er klar for hausting. Klosteret i Ostritz i bakgrunnen.

Hjørundfjordheimen, men med lite og ingen norskkunnskapar må eg nok vente ei tid før eg kan søkje arbeid der. Som industrioptikar er det nok lite håp å kunne få seg ei passande stilling i dette yrke her i Norge. Til så lenge trivst eg godt på hotellet, men det er ikkje alle dagar her er noko arbeid og til vinteren vert her stengt i periodar. Det ville nok passe betre å ha ein heilårsjobb for mitt vedkomande, seier Manuela.

Ekteparet ser med forventning fram til vinteren og undrar seg på om her vert mykje snø. Dei ser opp mot dei bratte fjella og lurer litt på om her er fonnfare.

Eit høgdepunkt er å få feire jul på Sunnmøre, og kyrkjebesøk julaftan og juledag er ein viktig tradisjon for oss, seier dei to.

 

 

 

 

Mikkel revar aug.08

Desse to fekk nok dei to nytilflytta til å lure litt, då det forsvant eignedelar frå trappa i august, og dei fann det att langt i frå huset. Syndarane var tekne etter ei stund, og det var nok ein lettelse i oppklaringa  at det var desse to som hadde vore ute med revestreker....

(alle bileta kan klikkast på for få stor størelse)