Landbrukssjefen i Ørsta kommune går i ein uttale i Møre-Nytt i dag imot byggjefelt på Prestemarka.

"Eit bustadområde vil her vere uakseptabelt," seier landbrukssjef Liv Bente Viddal.

Eit synspunkt som ikkje er uventa og må vere i samsvar med hennar stilling. Likeeins er argumenta ho nyttar forståelege avdi dei skal ivareta interesser innan jordbruket.

Det "jordbruksmessige" let eg ligge avdi det så bokstaveleg tala ligg  opp i dagen. Vern om matjord/matproduksjon er noko dei fleste er opptekje av. Avdi vi er avhengige av det.

Men......

Prestemarka har no i fleire tiår vorte freista framkjempa som byggjefelt på Sæbø. Kommuna har vore positiv og er det framleis. Frå kommunalt hald vert planane til Opplysningsfondet ikkje sagt noko imot, tvertimot støtta. Dette bustadfeltet vart i si tid nett regulert til det. Men så synast det verte lagt på vent, nett i påvente av det som no vert føreslegje.....?

Blant folk på Sæbø har dette "feltet" vore ynskjeleg tilrettelagd i årevis. Til og med underskriftskampanje vart foretekje for ein del år sidan. (Denne vart sendt kommuna og er vel disponibel å verte framtekje om naudsynt?) Gleda var difor stor då Opplysningsfondet (staten og eigar av området) varsla regulering for dette føremålet.

Landbrukssjefen syner elles til ledige tomter på Sæbøneset og nyttar det som argument for sitt syn. Dei "3 ledige" tomtene på Sæbønes 1 er av ei slik art at ingen ser seg syn å kjøpe dei. Tomtene er fjell, fjell og atter fjell. Det ville koste ei formue å opparbeide dei.

"Vidare er det 20 regulerte tomter til, men som ikkje er byggjeklare med veg, vatn og kloakk, " seier Viddal. Dette er Sæbønes 2 byggjefelt.

Eit byggjefelt som korkje er klart for byggjing eller synast ønskje vere det frå kommunalt hald. Eit event./framtidig byggjefelt som er lett å opparbeid og med ei slik panorama-utsikt at det kan ta pusten frå einkvar! Men kva hjelp det......? Er det samstundes ikkje underleg at dette feltet som forlengst sia er kjøpt, betalt og no eigd av kommuna ligg i kommunal dvale og likgyldigheit?

Føresetnadar for at noko  skal skje med Sæbønes 2 er at kommuna no skjer gjennom og opparbeider resten av Sæbønes-vegen slik at først allereie eksisterande bebuarar på veg til og i Sæbønes 1 felt kan få ein veg heim som er eit byggjefelt verdig! Først når det er gjort er Sæbønes 2 aktuelt å byde fram.

Vi er elles mektig trøytte av argumentet: "Det er 3 ledige tomter på Sæbø. Desse må først verte bygde på, så kan ein diskutere nye...." Eg veit om fleire som har tekje desse tomtene i augesyn, men har lete det vere med det. Nett av grunn nemd ovanfor.

Å bu i sentrum på Sæbø er fordelaktig på fleire måtar. Nokre vil kanskje ynskje nett dett. Andre vil foretrekkje Sæbønes 2. Kvifor skal så ikkje båe desse alternativa la seg presentere som tilbod på Sæbø.....? Føresetnad for framtidig busetjing er nett slike alternative tilbod.

Eg oppmodar difor om ei opparbeiding av Prestemarka og Sæbønes 2 hand i hand. For all del må vi ikkje stille desse opp mot einannan. Då fryktar eg det eine utelukkar det andre!

 "Motstand" mot Opplysningsfondet/Staten sine planar om regulering til boligføremål på Prestemarka må leggjast bort. Det som "jordbruksinteresser" her må avstå, må vi med all respekt kunne tole om det skal verte ny busetjing på Sæbø!