Småbåthamna

Slik ser småbåthamna ut i dag. Utvidinga vert gjort ved ei forlenging av hovudbrygga austover - bakover i biletet, men samtidig kjem det ei ny flytebrygge med gelender til dei åtte plassane som ligg i framgrunnen langs muren t.v. (Foto: Per Urke)

 

Styret er positivt og serviceinnstilt

Vi måtte bestemme oss for velje mellom å yte service ved å syte for plass til alle, eller å bruke tida i styremøta til å diskutere kven som skulle vere dei heldige og kven som skulle bli skuffa, seier styreleiar i Urke Småbåtlag, Eldrid Øye.

 

Eldrid Øye 2 (2)

 

Eldrid Øye er leiar i Urke Småbåtlag (Foto: P.U.)

 

 

Styret landa på ei positiv linje og vi bestemte oss for å utvide frå 28 til 38 båtplassar. Når dei nye bryggene er på plass våren 09, har vi fire plassar i reserve etter at ventelista er tom.

 

Prisen skulle heller ikkje vere avskrekkande: Ved den store flytebrygga må vi ta 15.000 kr. pr. båtplass. Dei åtte plassane mellom den gamle kaia og flytebrygga kjem på 10.000 kr.

 

Framdriftsplan

Framdrifta av utvidingsprosessen har vore nøye planlagt og vi ligg heilt i rute når vi nærmar oss vinteren.

  

 

Svein Jarle Urke

Styremedlem Svein Jarle Urke har jakta på flytebrygger i mange månader. (Foto: P.U.)

 

 

Det starta siste vinter ved at styremedlem Svein Jarle Urke  fekk fullmakt til å leite etter gode og rimelege flytebrygger som dekte vårt behov. I nærområdet var det lite respons, men omsider dukka det opp tre brygger på Austevoll i Hordaland, nokre mil sør for Bergen. Etter synfaring og spekulasjonar om transportløysing, ligg det endeleg i dag tre 7-meter lange flytebrygger på kaia på Urke og ventar på endeleg sjøsetting og plassering neste vår. I vinter skal Sverre H. Urke utføre ein del sveisearbeid før dei vert lagt ut.

 

Nye flytebrygger1

Desse flytebryggene kom frå Austevoll og skal vere på plass etter vinteren. (Foto: P.U.)

 

 

Desse tre bryggene skal integrerast i den eksisterande lange flytebrygga, slik at utvidinga vert 21 meter lenger austover og det gir rom for 8 nye båtplassar. 

 

Flytebryggene krev svært solid forankring slik at straum, bølgjer og – i verste fall - is  ikkje får flytte bryggene eller skade dei.

 

Kostnadene ved kjøp, transport og tilpasning har kome på ca. 72.000 kr.

 

Tilleggsbrygger

Styret ville gjerne byte ut brygga som går mellom kaia og den store flytebrygga. I første omgang var det også her vanskeleg å finne høveleg utstyr. På Vartdal var det to som omsider vart aktuelle etter at pris og transport vart gunstigare for Småbåtlaget. I tillegg tilbaud firmaet, Profunda, å legge ut dei nødvendige forankringslodda til hovudbrygga samtidig som dei transporterte tilleggsbryggene med kranbåt til Urke.  Svein Jarle og Eldrid inspiserte bryggene som og hadde gelender på eine sida. Dette var midt i blinken og auka tryggleiken for brukarane.

 

 

 

haust 08 064

 

Desse tilleggsbryggene frå Vartdal skal utleggast mellom kaia og flytebryggene. (Foto: Eldrid Øye)

 

Seks tonn med forankringslodd

For å halde den ekstra forlenginga på hovudbrygga på plass, måtte det til tre betongklossar, som kvar vog nær 2.000 kg. For å samordne transport av bryggene, støyping og utlegging av lodda, måtte ein samordne framdrifta for å utnytte ressursane best mulig.  Dei siste vekene har det vore lagt ned ein god del dugnadsaktivitet for å få dette på plass.

 

 

 

haust 08 014

Her er dugnadskarane  ferdige med loddforskalinga og legg på plass armering og fleksible slangar til tauet som skal gå gjennom loddet på rett plass for å gi maksimalt feste. Sverre H. Urke  studerer på eitt eller anna, Helge L. Urke t.h. (Foto: Eldrid Øye)

haust 08 018

 

Betongbilen er på plass og Sverre H. Urke styrer betongslangen, frå v.: Terje Haugen Øye og Helge L. Urke saman med sjåføren. (Foto: Eldrid Øye)

 

 

Ved Ørsta Marina fekk vi tekning og beskriving av betonglodda, og ved hjelp av både Tussa kraft og Volda Maskin, kom nødvendig utstyr på plass slik at ein kunne forskale lodda og bestille betongbil frå Stranda. Helge L. Urke og Sverre H. Urke var dei som tok dei tyngste taka desse dagane, og arbeidet skreid fram med liv og lyst. Då ein kom over 440 meter spesialtau frå oppdrettsanlegget på Festøy, var brikkene på plass og det var klart for utlegging.

 

Forankringsplassane vart markerte med bøyer og i løpet av ein time hadde katamarankranbåten til Profunda fått plassert lodda på sjøbotnen. Dermed er den biten klargjort til våren.

 

Ekstrabryggene, lodda og transport kom på 24.000 kr. Med det er kassa tom, sukkar Eldrid Øye.

 

 

 

haust 08 032

Dei ferdigstøypte lodda vert heiste om bord i kranbåten medan Knut Halse på kaia gir etter frå taukveilen. (Foto: Eldrid Øye)

 

Lodda til botns 08 044

Her går lodda til botnen. (Foto: Eldrid Øye)

 

Auka stabilitet og mindre arbeid

25. oktober skal vi ha den siste årlege dugnaden med inntaking av utriggarane og bryggene mellom gamlekaia og flytebryggene. Om vårane har vi måtta legge dette ut att, slik at det har vorte mange dugnadsdagar gjennom åra.

 

Her etter skal vi ha så kraftig utstyr og så god forankring at vi skal sleppe denne årvisse inntakinga og utlegginga.

 

Takk for innsatsen

Eldrid Øye er takksam for all hjelp som er ytt gjennom dugnad, særleg har vi tært på velviljen til medlemene og andre som har hjelpt til det siste året. På vegne av styret må vi takke og bukke for innsatsen!

 

- Det kjennest godt å vite at vi har gjort det vi kan for å sikre flytebryggene ved å få på plass dei nye betonglodda før vinteren.

 

-Samtidig gler vi oss alle til ny sommar med god plass til alle som vil ha fast, trygg båtplass.

 

-Vi har gjort eit krafttak, kassa er skrapa, men dei nye båtplassane skal balansere reknskapen og gi oss nødvendig handlefridom likevel. Vi skal drive nøkternt, men samtidig må vi yte service til brukarane, avsluttar sjefen i Urke småbåtlag, Eldrid Øye.