TRENING I GYMSALEN

Vi startar med innetrening første veka etter haustferien, tysdag 14. oktober.

Her blir det ulike aktivitetar for alle 1. - 4. klassingar. Gruppa er så stor i år at vi deler dei i to grupper. Håper å sjå mange kjente frå fotballtreningane og håper at De som ikkje har vore med på fotball kan tenkje dokke å vere på trening i gymsalen.

 

3. – 4. klasse har trening frå kl. 17.15 – 18.15, trenar er Siw Lillebø og Mikkel Riise

 

1. – 2. klasse har trening frå kl. 18.15 – 19.15,trenar er Elisabeth Dimmen og Emilie Ville

 

3. og 4. klasse har fått første treningsøkta pga ferga. I denne aldersgruppa er dei mange som bur i Norangsfjorden, og vi tilpassar oss sjølvsagt då ferga. Vi håper at det ikkje vert for seint for dei yngste.

Vi vil også be om at dei vaksne/søsken som er med, oppheld seg i garderoba under treninga.

 

BADING

Vi startar oppatt med bading i varmtvassbassenget på gamle sjukeheimen i Volda.  Dette er eit tilbod til born i 1. – 7. klasse og deira familie. Vi har leigd bassenget frå kl. 1500 - 1700 kvar søndag fram til 30. november. Den første timen har dei som er avhengig av ferje førsterett dersom det blir fullt i bassenget.

Prisane er:  20,- pr barn, 30,- pr vaksen eller 70,- pr familie. Dersom ei familie har med ekstra born, skal dei betale for seg.

 

AVSLUTNINGSFEST FOR SESONGEN 2007 - 2008

Dette er ein fest der vi ønsker velkomne dei nye 1. klassingane og seier takk til 5. klassingane for at dei har delteke på Barneidrettstreningane. Det blir delt ut pokalar til alle borna i 2. - 5. klasse som har vore med på treningane inne og ute. Datoen er sett til fredag 28. november kl. 18.30 – 21.00. Ta med mor, far og søsken og møt opp. Det blir pizza og disco