J16 Åmdal/Sæbø:

Etter to treningar var vi spente på korleis dette skulle gå..
Etter ein nølande start og ein jamn førsteomgong der resultatet var 10-11, vakna jentene.  Jentene storspelte i andre omgang og viste at dette kan dei!

J16 hand 5


Kjempegod innsats av Rebekka i mål og eit nesten tett forsvar + stor fart framover med fine avslutningar gav resultat og jentene kunne juble over siger 25- 15 over Rollon.

J16 hand 4

F.v. Hanne, Rebekka, Tiril og Malene som skjermar ballen til Tiril

Sæbø har med 5 jenter på dette laget som er eit samarbeidslag med Åmdal.
Desse var med på kampen laurdag: Nina (1 mål), Hanne, Tiril (2), Else Marie (9), Rebekka, Malene (9), Karen (3), Ingeborg (1), Monica og Kathrine.

J16 hand 2

Else Marie skorar. F.v. Nina, Else Marie, Tiril og Malene.

J14 Hovdebygda/Åmdal/Sæbø:
Etter litt fram og tilbake måtte vi berre innsjå at vi hadde litt lite spelarar til eige lag, så for første gang på fleire år er det denne sesongen samarbeid også med Hovdebygda.
Jentene er framleis litt ukjende for kvarandre men når laget blir meir samkøyrt ser det ut til at dette blir ein fin gjeng.
Såg ikkje sjølv kampen men skal kome tilbake ved eit seinare høve med bilder.

Elen var med frå Sæbø i dag og ho skora 2 mål. Resultatet vart tap 10- 15 mot Stranda.

J12 Ørsta:

Marta og Lise stilte frå Sæbø på denne kampen. Dei har akkurat starta og har ikkje hatt trenig saman ennå men dette er tøffe jenter som har lyst å spele handball!
Det vart tap for Stranda i dag men dei kjem sterkare tilbake neste kamp!
Vi håpar vi kan få eit samarbeidslag også her.

Publikum

Publikum er viktig!

Som vi ser er det dårleg plass for publikum. For handballen sin vidare rekruttering håpar vi på bedre tilhøve både for spelarar, publikum og arrangørar!