Det er vel å ta litt sterkt i å kalle Lill Haugen for hjørundfjording, men ho er temmeleg nær  - åmdaling som ho er.  Og så er ho altså ivrig brukar av hjorundfjord.no., og ein ivrig dykkar og undervassfotograf.

201[1]

Lill Haugen i Lisjeskåradalen

Laurdag den 6. september var ho med i NM i undervassfoto i Stokmarknes.  Der gjorde ho det svært skarpt - ho vart nr. fire samanlagt og ho gjekk av med sigeren i publikumsklassa.  Motivet var portrett av ei reke.  Ynskjer du å lese meir og ikkje minst sjå flotte undervassfoto, klikk her.

Lill Haugen, som  dotter av Olav Haugen og syster til Ronny Haugen, var i vår på skitur til Skårasalen.  Der tok ho fleire spesielle foto - klikk her

Lill har også ei flott heimeside med foto som må sjåast. www.evildivers.com