Før vi gjekk til målarverkstaden til Kjell Arne for avduking, orienterte Magne om arbeidet han har halde på med i ein toårsperiode. Som pensjonist (75), har han tid å ta av.

095

Her orienterer Magne t.v. om arbeidet med modellen.

 Og han har aldri gått lei, kan han fortelje. Det har hendt at han har vakna om natta og tenkt ut løysingar som han har brukt dagen etter.

Kvart sel har han lafta. Og når ein tenkjer på at modellen er 1:50, så er det pirkearbeid som ikkje egnar seg for " trenøvar".

101

Karoline Riise, som sjølv har vore budeie på Risestøylen, avduka modellen. Magne i midten  er spent på reaksjonane. Og alle vi andre let oss overvelde av det vi fekk sjå.

Anders Holen huskar godt sætringa

Anders Holen har litt av kvart å fortelje frå gamle dagar på setra han sjølv høyrde til.

Mange

 F.v ser vi Arne Riise, Cherry og Ole Ragnar Riise, Magne Årseth, Matias Årskog, Rolf Egil og Martinus Riise. Dei fleste kjenner att sela, men av fjøsane  er det berre Lensmannsfjøsen att . Den første datt i koll for ca. 50 år sidan.

Fleire av oss på Rise har vore litt engasjerte med å skaffe foto og ta mål av sel og fjøsar, og ikkje minst avstandar mellom bygningane for å få det så rett som mogleg. Men mest av alt er vi på Rise , Årskogane, og Heimste Holen takksame for alt arbeidet Magne har lagt ned i arbeidet med å gjenskape Risestøylen.

Modellen av det gamle Risetunet er bygd i målestokk 1: 100. Denne modellen er 1: 50, då setra er vesentleg mindre i omfang.

Magne hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å rekne seg betaling for noke som helst. Men då kulturvernlaget skal stå som eigar av modellen, vil dei betale litt for kostnadane han har hatt med arbeidet.

Etter at vi hadde vore i målarverkstaden og avduka, vart det ei hyggjeleg ykt med kaffi og prat ute i godveret.

099

Her er det folk med røter frå Årskogane som høyrer på Magne.

Matias Årskog t.v. Heilt til høgre Rasmus Årskog med døtre, barnebarn og svigersson.

 

107

 Her er det kjekt å vere. F.v. Jorunn Hauge, Helga Mo Riise, Emil Riise, Torill Årseth, Kjersti Riise, Rolf Egil Riise, Per Mo, Magne Årseth og kona Birgit.

094 

Jorunn og Per som representerer Heimste Holen, i prat med Magne og Martinus.

097

Arne Riise med borneborna Marius og Hanna var også på heimlege trakter.

Ein skulle ynskje at det kunne finnast ein passande stad å plassere desse unike arbeida, slik at alle som ville kunne få sjå. Det vert arbeidt med å løyse dette på litt sikt.

Kanskje ein kan vise det fram på dei neste Hjørundfjorddagane i lokala der Sigmund Årseth skal halde utstilling. Då hadde det vore kjekt om Magne kunne vere der å fortelje om arbeidet med dei 2 modellane. Eg kan like godt lansere Kjell Arne, den tredje av brørne, som er målarmeister med spesialfelt, antikvarisk arbeid. Det kunne verte ein sterk stand som trekkjer folk!

Men no er vi berre glade og fornøgde, og ikkje minst stolte av det Magne har fått til!