Ser ein på kalendaren er det mykje som tyder på at sommaren er over.  September vert rekna som fyrste haustmånaden.  Men vert dagane  framover som dagen i dag skal vi leve godt sjølv om det er haust. 

IMGP7230 kopi

Makrellfiskar Jostein Koppen kan dette med å kaste langt

Og makrellen har slett ikkje reist frå Hjørundfjorden.  Mannen med dei kvite treskorna, Jostein Koppen, har eigen, fin båt, men prukar kasteslukstonga likevel.  Og makrell det får han - i alle høve opplyste han at han hadde fått ein makrell i dag .  Og ikkje ein liten makrell, nei, makrellen var så stor at den var nok til ein god middag, forsikra Jostein.  Vi får tru på han - Jostein har greie på fisk.

Og inne på land sat ein bussjåfør og drakk 10-kaffien sin.  Forresten, det er visst slutt på 10-kaffi no.  På bordet ser vi berre ei vassflaske og ei appelsin. Slikt drakk og åt ikkje sjåførane i gamle dagar.  For den som måtte lure - bussjåføren heiter Stig Petter Rekkedal.

IMGP7229 kopi

Bussjåfør Stig Petter Rekkedal tek pausa ved flytebrygga

No må eg vel vedgå at eg tok desse fotoa også fordi folk som ikkje bur/er i Hjørundfjorden skal få sjå korleis vi har det den første haustdagen i dag....

Tysdag 2. september:

Etter at det vart kjent at Helge Strand fekk slik ein stor makrell i går, (sjå Helge sin kommentar under denne artikkelen)  var det i dag fullt mannskap på kaia igjen.  Fullt mannskap vil seie tre fiskarar, Helge Strand, Jostein Koppen og Henrik Wille, kvalitetskontrollør - eller vraker som Helge korrekt kallar han - Magnar Aklestad og til slutt hamnefogd og sjef Thomas Hustad.

No ville i utgangspunktet Helge at Henrik måtte fiske frå flytebrygga/skyssbåtkaia, som også vert kalla karantenekaia.  Dette var fordi Helge hadde fått vite at Henrik hadde fiska i ferskvatn i går kveld.  Men Henrik var denne gongen heldig - han slapp det obligatoriske "karantenefisket" denne gongen.

IMGP7237 (Large) IMGP7248 (Large)

Til venstre:  Fiskarane er på plass på kommunekaia.  Nærast ser vi Helge Strand, så Jostein Koppen og lengst vekk ser vi Henrik Wille.  Foto til Høgre:  Henrik var i dag heldig - han slapp "karantenefiske" trass i fiskeri i ferskvatn i går kveld.

IMGP7242 (Large)

Fisket skjedde under oppsyn av Hamnefogd Thomas Hustad.  Lengst borte ser vi kvalitetskontrollør/vraker Magnar Aklestad (med hendene på ryggen)

Det er altså kommunekaia som vert rekna som den beste kaia å fiske ifrå. - Det er her vi har den beste servicen, seier fiskar Helge Strand.  Han tenkjer då på vask og handkle, safe til oppbevaring av fangstdagbok og ikkje minst filettør.  Alt dette er det hamnefogd Hustad som står for.

IMGP7244 (Large) IMGP7246

Thomas er også filettør og må såleis halde fileteringskniven kvass

- Det går greitt å halde utstyret i orden, men skal ein få gode filetar må ein ha råstoff, meinte Thomas.  Han sikte nok til den heller labre fangsten - for å seie det mildt - denne føremiddagen.

Men dei tre karanane har absolutt fått fisk gjennom ein lang makrellsesong.  Dei har fiskereist både på sko, klede og sjølvsagt fiskestong.  Men ikkje berre der - sjå m.a. lommeboka til Jostein på foto under.

IMGP7251 (Large)

Mykje rart vart laga av fiskeskinn under krigen, men lommeboka til Jostein er nok laga av skinn av storfe, ho er berre dekt av makrellreist

Avslutningsvis må det nemnast at det var litt strid om kor stor makrellen som Helge fekk i går, var.  Skyssbåtførar Olsen (Oddvar) hadde vore heldig å få sjå fisken, rett nok etter at den var filettert av Thomas, men likevel.  Olsen meinte at filetane var så store at det måtte to mann til for å snu dei i saltlaken...

Så veit vi det.