Under kåringsjået i Ridehallen i Ørsta i dag var det reine julekvelden for dei beste- og mest aktive saueeigarane.  Stemninga var svært så god og heile 92 av 98 stilte lammevêrar vart kåra.  Dommar Atle Arnesen konkluderte slik til slutt:  - Eg likar utviklinga på lammevêrane i Ørsta.

IMGP7800 (Large)

Dommar Atle Arnesen(t.v.) likar utviklinga på lammevêrane i Ørsta.  Her er han på veg til dommarbordet for å sjekke ulla til ein lammevêr som Helge Skylstad eig.

Arnesen var også samd i at det hadde vore ein beitesesong over middels i vårt område.  Det syner igjen på vektene og dei gode klassene som dei fleste saueeigarane får melding om frå slakteriet i desse dagar.  Men dei beste vêrlamma til dei som er med i Sauekontrollen og Verring vert sjølvsagt ikkje slakta - i alle høve ikkje i fyrste omgang.  Desse dyra skal nemleg setjast inn i avlen.

I Ridehallen var det også sauebønder som ikkje stilte lammevêrar, men som var tilstades først og fremst for å kjøpe gode avlsdyr.  Anne Hustad, som i beitesesongen har dyra sine i Kvamsedalen, var ein av saueeigarane som sikra seg vêr.

IMGP7815 (Large) 

God steming under kåringa.  Frå venstre Kanutte (Nutte) Strand - syster til Lasse, Lasse Sæbønes, Anne Hustad, Askjell Hustad og herren med ryggen til er leiaren i Ørsta Sau og Geitalslag, Odd Bjarne Bjørdal.

Når det gjeld sjølve kåringa vert det gjeve poeng i fire kategoriar - bein(føter), kropp, ullmengde og ullkvalitet.  Beste poengsummen ein kan oppnå i kvar  kategori er 10 poeng.  Får ein 5 poeng eller mindre i ein slik kategori vert lammevêren ikkje kåra.  Dommar Arnesen meinte personleg at denne grensa burde ha vore heva til 6 poeng slik det var tidlegare.  - For mange kåra lammevêrar er ikkje heldig, meinte han, men opplyste samsundes at han var lojal mot det nasjonale regelverket til NSG, Norsk Sau og Geit.

Den lammevêren som får høgst sum når ein legg saman dommarpoeng, som nemnt over, og indeks, er den beste lammevêren.  Her må det leggast til at indeks er eit tal lamma får ved fødselen - gode foreldre gjev høg indeks.  Og kven var så eigarane av dei tre beste lamma: Sjå under.

Nr. 1:  Lasse Sæbønes

Nr. 2:  Helge Urke

Nr. 3:  Odd Bjarne Bjørdal

I tillegg er det ei klasse nummer to. Her er det den lammeveren med best kropp(flest dommarpoeng) som vert kåra.  Den beste får kvit sløyfe, den nest beste raud sløyfe og den tredje beste blå sløyfe. Kåringa her vert gjort på den måten at dei lammevêrane med flest dommarpoeng vert samla i ein garde.  Så plukkar dommaren ut eitt og eitt til berre tre lam er att i ringen.  Deretter vert dei tre rangert.  Og kven hadde dei tre lammevêrane med flottast kropp?  Sjå under.

Kvit sløyfe:    Lasse Sæbønes

Raud sløyfe:  Lasse Sæbønes

Blå sløyfe:     Åse Rørstad Saure

IMGP7838 (Large)

Her ser vi dei tre flottaste lammeverane under kåringssjået i Ørsta laurdag. I tillegg ser vi frå vesntre: Lasse Sæbønes, Ola Sæbønes, Åse Rørstad Saure og dommar Atle Arnesen.

Som vi ser gjorde sauebøndene frå Hjørundfjorden det svært så godt og ikkje minst Lasse Sæbønes.  "Bakmann" Ola Sæbønes har nok god grunn til å vere stolt han også ein slik dag.  Betre kan det ikkje gjerast.

Under tek vi med nokre foto til frå kåringssjået.

IMGP7794 (Large) IMGP7798 (Large)

Til venstre:  Jordbrukssjef Liv Bente Viddal og Per Arne Saure ved sekretærbordet.  Til høgre:  Vaffler, kaffi og ein god prat høyrer med.  Frå venstre: Helge Urke, Elias Moe og Kolbein Ryste.

IMGP7796 (Large) IMGP7808 (Large)

Til høgre: Asbjørn Eikrem frå Volda i samtale med Nutte Strand og Ola Sæbønes

IMGP7810 (Large) IMGP7812 (Large)

Til venstre: Så er det Helge Urke sine vêrlam som står for tur.  Til høgre: Odd Bjarne Bjørdal(t.v.) og Jørgen Halse.

IMGP7814 (Large)

Flotte dyr

IMGP7832 (Large) IMGP7835 (Large)

Til venstre: - Du skal ut og du skal ut... Dommar Atle Arnesen er knallhard når sløyfelamma - dei flottaste - skal kårast.  Til Høgre:  Dei tre sløyfelamma står att og er nok sikra eit godt liv enno ei stund.

IMGP7842 (Large)

Og her er dei tre vinnarane igjen.

Leiar Odd Bjarne Bjørdal, leiaren i Ørsta sau- og geitalslag, var godt nøgd med dagen.  Det var også eit kåringssjå i Barstadvika.  Til saman vart heile 120 vërlam kåra.  Bjørdal meiner nok at dette er i meste laget - dette har m.a. med økonomi  å gjere - difor drøftar ein no i verringen om ein skal setje eit høgare inngangskrav for å få stille neste år, dvs. at ein set krav om ein høgare inndeks.

Likevel er Bjørdal svært nøgd med den gode kvaliteten på vêrlamma, og understrekar nok ein gong kor viktig det er at det vert brukt kåra vêrar/vêrlam når sauene skal parast.  Bjørdal veit at det framleis er fleire som nyttar seg av "nabo-byte-vêr-metoden", eller kjøper eit tilsynelatande flott vêrlam, men eit lam som ikkje er kåra.  Dette vert gjort for at ein skal spare pengar.  Bjørdal er ikkje i tvil om at desse saueeigarane vil tape pengar på sikt.  I tillegg er ikkje desse saueeigarane med på den dugnaden som aukar kvaliteten på lamma, dei er med andre ord snyltarar på systemet, avsluttar Odd Bjarne Bjørdal.  Heilt til slutt stadfestar han at det ikkje skal vere problem å skaffe verar til alle saueeigarane i kommunen.