Vår kjære Helge Strand fyller i dag 60 år.  Helge vil ikkje like at denne dagen vert omtalt korkje på Hjørundfjordportalen eller i aviser.  Likevel tek vi sjangsen og får ta straffa etterpå.La det vere sagt med ein gong - utan Helge Strand sine svært ofte fagleg sterke og gode innlegg og kommentarar hadde hjorundfjord.no vore langt fatigare. 

Det er laksen, nærare bestemt villaksen, som er Helge Strand sitt hjartebarn.  Han har brukt utruleg mykje tid å krefter i Bondalselva, først som laksfiskar, men seinare som vernar av villaksen.  I mange år var det Helge som hadde ansvaret for stamfisken og klekkeriet i samarbeid med Jostein Koppen.  Kor mange laksynglar Helge har sett ut i Bondalselva og sideelvar veit eg ikkje, men Helge veit det nok - han fører ikkje berre fangsdagbok

Dei siste åra har Helge kjempe for at at Bondalselva skal verte nasjonal lakseelv og Hjørundfjorden nasjonal laksefjord.  Det kan no i første omgang sjå ut som han har tapt denne saka, men utan tvil kan vi takke Helge for at det ikkje er langt fleire oppdrettsanlegg - anten av torsk eller laks - i Hjørundfjorden.  Då nokre overivrige lakseoppdrettarar nyleg sette ut eit anlegg for torskeoppdrett på feil stad (med vilje?) var det nettopp Helge som sytte for at anlegget vart flytta til rett plass.

IMGP5539 kopi

Helge Strand brukar mykje tid og krefter på å få laksen tilbake til Bondalselva.

Nård et gjeld laks- og lakseoppdrett er Helge fagleg svært sterkt.  I tillegg har han eit stort kontaktnett både hos Møre og Romsdal fylke og ikkje minst i direktorat.  Helge er difor ein frykta mann av dei som ikkje vil sjå dei negative konsekvensane av oppdrettsfisk.  Når Helge skriv debattinnlegg i aviser og her på portalen er det svært få som vil svare han.  Oppdrettarane vågar kort og godt ikkje å møte han i debatt.

Helge er "bygutt", dvs. at han er fødd i Ålesund.  I den byen hadde han også første leveåra sine.  Men etter at familen Strand flytta til Sæbø for å drive bakeri har Helge vore ein svært så god og godt likt hjørundfjording.   Etter kvart vart Helge lærar/adjunkt og han var lærar ved Sæbø skule i mange år.  Diverre måtte han slutte som lærar "før tida" av helsemessige årsaker.

Som nemnt er Helge ein ivrig debattant her på hjorundfjord.no.  Til tider kan han vere svært hard i sin argumentasjon.  Han er slett ikkje redd for å seie ifrå noko som t.d. har gått ut over underskrivne og ikkje minst portalen sin administrator, men Helge ordnar opp i etterkant om han meiner det er naudsynt. 

Vi som av og til har gleda av å drikke frukostkaffien i lag med Helge på Bellingen på Sæbø veit at Helge  er flink med ord, ordspel er noko han likar godt.  Men Helge er ikkje berre flink med ord.  Når han meiner at kommuna ikkje gjer jobben sin i Sæbø sentrum er han ikkje redd for å gjere ein dugnadsinnsats.  I sommar har vi sett han både med kantklippar og med hovudet i ei eller anna blomsterkasse.  Helge har utan tvil grøne fingrar.

IMGP5545 kopi

Helge Strand

Om- eller på kva måte Helge vil feire dagen veit eg ikkje, men han vil truleg ikkje fiske makrell med fiskestong frå kaia, makrellen har visstnok slutta å bite for sesongen.  Likevel stikk han nok ein tur bort på kommunekaia og ein tur innom hamnefogd Thomas Hustad sitt kontor.

Vi som er brukarar av hjorundfjord.no og dei mange hundre av oss som har støtta Helge sin aksjon for ein oppdrettsfri Hjørundfjord vil gratulere Helge Strand så mykje med den store dagen og vonar samstundes at han vil halde fram som debattant og ikkje minst med arbeidet for at det ikkje skal kome fleire oppdrettskonsesjonar til Hjørundfjorden.

Knut Hustad

P.s.

Eg seier meg lei for at eg skriv dette sikkert mot ditt ynskje, men dei som har tipsa meg om datoen meiner at dagen må verte kjend.  Eg er samd i det.

d.s.