Etter ei litt travel skuleveke tok slutt, var lysta for å koble av og nyte helga stor. Ein kunne sjølvsagt tatt seg ein dagstur i fjellet, men denne gangen ville eg prøve noko nytt: Overnattingstur på Patchellhytta, med innlagt fjelltur. Kva topp eg skulle på var ikkje bestemt, fordi eg hadde eit håp om at andre tinderanglarar skulle befinne seg i området kring Patchellhytta denne helga slik at eg kunne hive meg med dei.

Fredag ettermiddag slengde eg meg på skuteren til systra mi på veg mot ferja på Sæbø-Leknes. Eg hadde ingen hastverk og kika på klokka før eg drog, berre for å vere sikker på at eg hadde ekstra god tid til ferja.

I det eg runda svingen ved Joker på Sæbø, blei eg noko forbausa då ei lang rekkje med bilar stod parkerte og venta på ferja. Ikkje før eg hadde fått sløkt tenninga på skuteren kom tre forkava bilistar til med bilen stappfull med studentar. Eg kika i speilet og kjende raskt igjen Haglöfs emblemet på jakka til ein av dei. Så klart skulle desse på fjellet også. På ei nærast stappfull ferje gjekk eg bort til ein av dei for å forhøyre meg om kva desse hadde planar om. Jauda, det var Slogen 1564 moh som var målet, denne trauste dronninga som ruva høgt over ferjelemmen i det vi la frå kai. «Slogen?», undra eg, «no klokka 5?». Heller tvilsamt. Mest truleg skulle dei på Patchellhytta og overnatte, for så å dra på Slogen dagen etter. Det skulle vise seg å vere rett...

Slogen frå stor

Ikkje rart at Slogen er så mykje besøkt. Her ser vi han saman med Store Brekketind (t.h) frå Storhornet 1600 moh. nokre veker før.

Eg skjønte raskt at her gjaldt det å kome seg raskt på land, suse mot Skylstad for så å fyke opp Skylstadbrekka for å sikre seg ei seng før det var forseint. Sjølvsagt går ikkje mopedar og skuterar meir enn 45 km/ t, noko som var noko fortvilt akkurat denne dagen. «Kanskje eg burde satse på treningsgrunnlaget frå langrennstreningane opp Skylstadbrekka?», spurde eg meg sjølv.

I det eg ankom Skylstad stod delar av den lange ferjekøa allereie parkerte med mange ivrige turgåarar klare til anmarsj. Kaos tenkte eg, og såg føre meg den 26-sengs store hytta som stod og venta på oss. Eg humpa likevel ned på den steinete parkeringsplassen, iført ei tjukk Haglöfsjakke og ei bukse som no likna meir på ei tettsittande kondomdrakt, herja av vinden. Den bar tydelege preg av den tøffe køyringa frå Leknes. Høyrde eg nokon som lo? Vel det måtte så vere. Eg gjorde meg klar i ein fei, og la i veg tett føre dei andre. Ikkje hadde eg tid til å veksle parkeringsavgifta så der fekk dei 20 kroner ekstra, men heller det enn å måtte snu på Patchellhytta i tussmørket tenkte eg.

Patchellhytta

Patchellhytta. Ei flott hytte med eit høgt besøkstal. Bør ho utbyggjast?

Opp gjennom Skylstadbrekka gjekk det radigt for seg og eg nådde Patchellhytta på ei tid som eg sjølv var nokolunde fornøgd med. Med eit sveitt handtrykk letta eg dørhandtaket så den noko stirrige døra opna seg. Eit lite sjokk ramma indre delar av hovudet då eg såg dei omlag 20 sko-para som stod lina opp tett innanfor døra. Her var det nesten fullt! Etter litt lett hovudrekning i den noko omtåka hjerna mi kom eg fram til at det skulle bli folksamt på Patchellhytta denne kvelden...

«Hæ? Sjæm de fem-å-tjue støkka til?», sa ein noko forbausa trønder etter eg hadde svart på det innleiande spørsmålet hans om eg kom åleine. « Årre steike ti, døm sa nu at de sjæm endå ti til nedda Liasætra», sa ein annan trønder. « Då e de nok best å holl på kaffikoppen» konkluderte ein romsdaling som hadde funne seg ein sofa-krok i eine hjørnet av stova. Trønderane hadde trudd at fottursesongen no var på hell og at dei då kunne ta seg tid til litt hyttekos i den travle kvardagen.

Eg surra rundt i hytta på leit etter ei madrass, og oppe på hemsen låg det ein liten stabel med attverande madrassar. Flott tenkte eg, og drog den med ned på stova. Det var allereie fullt på romma og på hemsen, så eg laut sjå meg nød til å sove attmed peisen. Etter som tida gjekk lurte eg på om studentane, som skulle vise seg å vere både elevar frå Møre Folkehøgskule og utlendingar, hadde fordufta, i det mørket hadde byrja å nå Patchellhytta.                                         

Ikkje lenge etter brast det inn eit kobbel med våte studentar. Nede i hjørnet stramma romsdalingen grepet om koppen sin og ein annan som nett hadde reist seg sette seg ned att. Dei komande minutta var prega av lett kaos då dei mange studentane skulle sivilisere seg i stova som no var blitt reine krise-mottaket. I den andre enden av rommet satt ein kar med kikkert, på utkikk etter fleire frå den andre enden av dalen, Liasetra. Så fort karen hadde lagt frå seg kikkerten kom dei som var venta også inn gjennom døra.

Heldigvis roa det seg utover kvelden, men den lenge etterlengta madrassa mi var dessverre allereie forsvunne langt under ein stor stabel med andre madrassar som skulle visst likne ein benk. Dette blir ei natt utan søvn tenke eg, og humra litt for meg sjøl.

Trangt på hytta

Det blei trangt om plassen på Patchellhytta denne kvelden.

Fordi om vi no var nærmare 50 personar(!) blei det likevel ein svært så triveleg kveld på Patchellhytta. Trønderane hadde for lengst leita fram godsakene sine frå barskapet sitt heime, og blandar ein dette med ein ustemt gitar, ja då får du god stemning då. Eg hadde slått meg i lag med tre romsdalingar som også satt å nippa i nokre glas med alkohol. Her var det lenge snakk om klatraren Arne Randers Heen og han sine bragder, men det heile kokte vekk då trønderane var ferdig å syngje viser frå «Vømmøldal Spellemannslag» og hadde byrja på Rosenborg-songen. Når den var ferdig, serverte dei bordverset til dei svoltne studentane som hadde byrja på middagen. Den første gaffelen enda desverre i ei lei hiksting i det ein noko omtåka kar kvad kjende strofer som: «I helvete e de der djevelen bur...».

New panorama 1

Det blei ein triveleg kveld på Patchellhytta.

Seinare, etter litt tid, kom alle til ro, og madrassane blei lagt utover golvet som om det skulle ha vore eit nytt golvteppe. Eg protesterte ikkje over den tapte madrassa mi, og heiv meg over sofaen så fort den siste fortumla trønderen hadde forlate den. Det blei nokre timars søvn, før eg stod opp i halv åtte tida og byrja på frukosten. Omlag halve hytta hadde stått opp, og alle hadde kun eit mål for auge: Slogen. Ingen av dei tilreisande hadde vore i området før, så då var Slogen fyrsteprioritet. Eg såg meg naudsynt til å hengje med sidan det ikkje var nokon som hadde planar om andre toppar.

Tolmodet mitt varte ikkje så lenge då det var kø på kjøkkenet og alle skulle lage seg niste å drikke kaffi. Det enda med at eg la i veg for meg sjølv og nådde toppen litt over ti. Fyrste mann på toppen av Slogen, berre 64 år forseint! I løpet av natta var det kome nysnø på toppområdet, og skodda gjorde ikkje stemninga meir til lags. Eg avventa ei stund på toppen i håp om å «fange» utsikta med det nye teleobjektivet mitt, men rusla heller ned igjen, for så å ta nokre bilete under skoddegrensa.

Top

Toppen av Slogen var ikkje så innbydande denne morgenen. Heller ikkje dagen før hadde det vore folk her.

Lille og Store B

Lisje Brekketind og storebror Store Brekketind viste ikkje mykje livsteikn denne morgenen.

Dei andre var no også på veg opp med ulike mellomrom. Då eg møtte dei, helste eg dei god tur vidare og takka for gårsdagens trivelege opphald, samstundes som skodda letta på toppen. «Jaja, eg har no vore der før», tenkte eg og rusla nedover Slogeråsa der eg møtte på endå eit kobbel med turgåarar med «dronninga» som mål!

På veg

Det er sjeldan det ikkje er folk på Slogen. Denne dagen var ikkje eit unntak.


Det blei nemnt frå fleire personar at Patchellhytta burde utbyggast, sjølv om ho vart restaurert i 1996. Førre helg var det også 40 personar på hytta sa ei av vaktene, og med slik pågang blir vel 26 sengeplassar i minste laget?

Tekst og foto: Håvard Myklebust