bakkedalen2

Vi møttest på kaia kl 10.00, Oddvar skyssa oss trygt inn til Finnes med Hjørundfjord.

Der gjekk vi i land på kaia til Anna Finnes og ho tok i mot oss , og spanderte plommer frå eit bugnande plommetre.

bakkedalen4

Det var ikkje berre ungane som kosa seg med plommer.

bad beare 3

Den tyngste biten av turen var nok vegen opp frå Finnes.

bakkedalen6

Vi vandra i veg så sveitten rann, vi merka godt at temperaturen var over 20 grader.

bakkedalen17

Utsikta var fantastisk i dette flotte veret, her ser vi mot Finnes og Kalneset.

bakkedalen19

Vel oppe på Bakkedalsetra måtte vi ha ei pause.

Vi sette oss rundt ei hytte og kosa oss med mat og drikke.

bakkedalen02

Her er fire svoltne flinke fjellvandrarar.

Magnus, Johannes ,Ingrid og Hanne.

bakkedalen8

Bernt Arve var som vanleg velutstyrt!

Han hadde plaster, kart, høgdemålar, nødproviant, GPS, og alt anna ! 

bakkedalen18

Turen gjekk vidare oppover dalen mot Bondalsbakken, her ved brua der ein kan sjå demninga frå kraftverket i bakgrunnen.

Jorunn, Ollen, Hilde, Knut, Jane ,johannes,og ivar

bakkedalen9

Råsa var tydeleg og godt merka, og det var lett å gå.

Dei vaksne sleit litt med å halde tritt med ungane, men det er vel vanleg!

Mykje blåbær fann vi og.

 

bakkedalen12

Her er vi på toppen, dette er familien Aklestad, Hanne, jan Gunnar, Ingrid, Gerd Sofie og Halldis.

bakkedalen14

Her er familien Bischoff, Bente ,Magnus, Johannes og Frank.

Johannes var fyrstemann på toppen!

bakkedalen15

Her er Marta og Ingrid, det var godt med pause no, og mykje godt i alle sekkane og kose seg med,

bakkedalen10

Her er vel flott utsikt!

Knut, Halldis, Hanne ,Frank, Jorunn, Jan Gunnar, Gerd Sofie, Bernt Arve, Rolfen, Marta, Ingrid, Haldis, Ollen, Ivar, Hilde, Magnus, Johannes, Jane, Kjellfrid, Alvilhild, Kari, Bodil, Anne Grethe, og Bente.

bakkedalen11

Vi gjekk nedatt på råsa, og vidare på høgresida av vatnet mot Rognestøylen.

Der fekk vi tid til ein liten prat medan vi venta på at fyrste pulje vart skyssa nedatt til Sæbø.

Vi var alle varme og fornøgde med at det hadde vore ein vellukka tur.

Neste gong vil eg håpe vi vert mange fleire!