-         Å hevde at eg var ei funklande fotballstjerne er vel å ta litt sterkt i, men eg reknar meg sjølv som ein av støttespelarane til Sæbø sitt B-lag i si tid.  Det er Anders Holen, snart 85,  som seier dette og ler godt.

IMGP7377 kopi

 

Anders Holen, eller Hole-Anders, ler godt

Sprek og populær

Eg hadde ein avtale med Anders om å få gå ein del av turen saman med han opp til Sæbø IL sin trimpost på 370 m oppe i Skondalen.  Anders starta i førevegen og planen var at eg skulle nå han att når han hadde gått ca. halvvegs.  Det var planen, ja, men Anders hadde gått fort – for fort. Eg rakk berre så vidt å sjå i ryggen på han der han smatt  opp mellom bjørkeleggane med ein stav i kvar hand.  Heldigvis tok han seg ein liten pause og venta på meg rett nedanfor målet.

 

-         Du er heldig du, Anders, som har så god helse og ikkje røykjer slik at du kan….

-         Nei, eg har nok ikkje slutta å røykje.  Heilt frisk er eg vel heller ikkje, eg har kols.

-         Men du får slik rosande omtale, spesielt av damene, fordi du trenar så mykje og har blitt ein spreking på dine godt vaksne dagar.

-         Det er no kjekt å få skryt sjølv for ein gammal mann, men dei som kjem med ros er nok langt flinkare enn meg.

IMGP7371 (Large)

Lokal vegvisar plassert i Gunnar-råsa.  Skummel type, sikkert "Skrik" med skaut.

 

Gunnar-råsa

 

Nei, Anders vil ikkje høyre så mykje på rosen.  I staden sparkar han ballen tilbake og skrepper av eit par spreke damer og ikkje minst av Gunnar Stokke som har laga til den gode og populære råsa oppover prestegardsmarka frå fonnvernet på Sæbø.

 

-         Det går fint å gå  denne råsa for meg også sjølv om den er bratt.  Råsa er, som du ser, jamn og fin.  Det hadde nok vore umogleg for meg å gå her dersom eg måtte ha hoppa frå stein til stein, meiner Anders.

-         Du seier at du både røykjer og har kols, men arbeidde ikkje du mykje med eternitplater/ asbest  i di tid som bygningsmann også?

-         Sant nok.  På 60 og 70-talet var  eternitplater mykje brukt i fjøsane eg var med å bygde, men mest slike plater brukte vi nok i bygardar i Ålesund då eg var bygningsmann der.  Eg hugsar godt at vi stod i små rom og saga eternitplater, rom som var så fulle av asbeststøv at det var vanskeleg å puste.

-         Vil ikkje det seie det same som om du eigentleg skulle ha vore endå høgre oppe enn det vi er no for mange år sidan?

 

Anders skrattar igjen.  - Kanskje det, men eg har sikkert vore heldig.

IMGP7388 kopi

Anders ved målet 370 meter over havet.  Her er trimboka til Sæbø IL

 

Ikkje den sprekaste

Utan tvil er det mange som har late seg overraske og imponere over Anders Holen sin treningsiver denne sommaren.  Rett nok har Hole-Anders ein  kjend og kjær mann i bybiletet på Sæbø der han gjerne kjem på sykkelen sin og med brillene høgt oppe i panna, men ein treningsivrig mann…

IMGP7392 kopi IMGP7399 kopi

Her fører Anders seg inn i boka for 14. gong i år.  Han fører seg her inn som nr. 252.

 

Nei, Anders har nok ikkje sett ut som ein av dei sprekaste – problem med knea som han har hatt. Hofta har heller ikkje vore heilt god, lårhalsen knakk då han var 75 og for eit par år sidan braut han ein fot.

 

-         Kva er det som har skjedd Anders?

-         Tja…Jau, eg har sett på eit par naboar som har gått mykje på tur og så har eg i grunnen alltid likt å gå i skog og mark sjølv.  Når så denne fine råsa kom… Ja, det vart no berre slik.  Og no ser eg fram til kvar slik treningstur

-         Men har det hjelpt på forma?

-         Absolutt,  sjølv om eg alltid synest  det er tungt rett etter at eg har starta, men kondisjonen har auka, knea har blitt mykje betre  og heile skrotten har tydelegvis godt av dette.  No kan eg t.d. løde ved utan at eg vert heilt maroder. 

-         Så no er Hame (legen) godt nøgd med deg?

-         He, he.  Hame veit vel ikkje om at eg går her.

Tidlegare idrettsmann

Vi går den siste biten opp til trimposten.  Etter kvart kjem det fram at Anders nok er smålåten på eigne vegner når det gjeld idrett.  I sine yngre dagar tok han ulike idrettsmerke både sommar og vinter.  Han sprang mykje og deltok på skirenn – både langrenn og ”nedoverskirenn”.  Han vann visstnok nokre renn også, men legg raskt til at ”det fortel vel mest om nivået på dei andre som deltok”.

IMGP7404 kopi

Anders vil vidare oppover.

 

-         Men når det galdt fotball så satsa du altså på B-laget?

-         Eg budde på Stranda i ca. 10 år og tenkte ei stund at eg skulle satse på fotballen der, men så var det dei faste A-lagsspelarane der som vart prioriterte når det galdt fotballsko. Nei, det vart inga stor fotballkarriere på meg, men nemnde eg at eg vart utteken til ein A-lags kamp på Sæbø?  Eg trur eg spelte mesteparten av kampen også, men det vart den einaste.  Anders ler igjen.

 

Sykkel og fiskeri

Anders har heller aldri hatt førarkort.  Det er kona som er sjåfør, men sjølv brukar han sykkelen.  I tillegg er Anders ein ivrig fjordfiskar sjølv om ”han ikkje er den som dreg lengst ut når garna skal setjast”.

 

For eit par år sidan heldt det forresten på å gå gale med fiskeriet.  Det hadde blitt lite fangst på Anders i løpet av den vinteren og kaffigjengen på Bellingen spurde han stadig vekk om han hadde hugsa å kjøpe tørrfor til katten.  Men i vinterferien slo Anders til.  Han sette garn og fekk fisk.  Så mykje fisk fekk han at det vart i meste laget.  Natta etter hamna han på sjukehus.  Etter den episoden prøvde han visstnok å slutte å røykje, men det vil ikkje Anders ha noko snakk om i dag.

 

Trimboka

Så er det å plukke fram trimboka frå kassa.  Anders skriv, men utan briller.

 

-         Kva har du gjort av brillene, kjennemerket ditt, Anders?

-         Operasjon.

-         Operasjon?

-         Grå stær.  Den eine auga vart fiksa før jul, den andre no etter.

-         Og no ser du betre?

-         Mykje betre, men ta det med ro – eg skal ikkje byrje med slike plastiske operasjonar slik som han der tidlegare alpinist Stein Eriksen.  Han ser folen ut.

 

Det er 14. gongen han fører seg inn i denne boka denne sommaren. Men han har vore her 16 gonger. – Eg var opp eit par gonger før boka kom på plass.  Så veit vi det.  Når dei andre i frukostkaffigjengen på Bellingen på Sæbø har teke på seg spasersko og gått frå nes til nes, har Anders gjerne hatt på seg gode fjellsko, festa stavane på bagasjebrettet, sykla bort til startpunktet på Gunnar-råsa og så gått seg ein god tur til fjells – nærast anonymt.

 

-         Det er best slik, meiner Anders.

 

Kaffi og røyk

Målet er altså nådd, men Anders vil likevel lenger oppover – opp til vel 400 m.o.h.  Her har Gunnar høgt ut ein fin utsiktsplass.  Anders er godt kjend i området etter m.a. mange småviltjaktturar.  Takka vere desse turane var forma stort sett alltid best seinhaustes – og slik vert det nok i år også for Anders har heilt sikkert ikkje gått den siste turen opp denne råsa for året.

IMGP7405 kopi IMGP7406 kopi

Anders på utsiktsplassen over 400 m.o.h.

IMGP7409 kopi

Frå utsiktsplassen har Anders god utsikt framover Bondalen også

 

-         Eit siste spørsmål, Anders.  Kva gjer du når du kjem ned att?

-         Då vert det nok først ein dusj, så ein kopp kaffi – og sikkert ein røyk, smiler Anders.

 

Takk for ein svært så triveleg time.

 

Knut Hustad

P.s.:

Anders viste meg dette fenomenet, sjå foto under.  Er det nokon som kan forklare litt meir om dette?

IMGP7395 kopi

Omtrent midt på fotoet er det to svarte punkt.  Kva er dette og kvar finn vi dei?

d.s.