På ettermiddagen torsdag 24 juli kom Fred Torgersen til slekta si på Rise i Bondalen etter ein lang vandretur. Og denne turen er ikkje noko som dei fleste forbinder med ein pensjonist, men heller ein harbarka friluftsmann av  Lars Monsen kaliber. Etter å ha møtt Fred så er nok intrykket av karen vorte nedtona til ein ein heilt alminneleg godt trena person med lang erfaring i friluftsliv, glad i hunden sin, og sansynlegvis ein god porsjon med staheit.

Og pensjonistar er nok ikkje som før, for reflektere ein tilbake nokre tiår så var det heller ikkje vanleg at vi hadde pensjonistar som var 62 år, så her er nok ein kar i sin beste alder. Og utan å ta for hardt i så må han i allefall være ein av landets sprekaste pensjoninstar.

Fred Torgersen 20080724

Fred er trygt på plass i tunet til systra Toril og Kjell Arne Årseth på Rise i Bondalen. Berre Fred tek tak i sekken er Ilka klar til å legge i veg på ein ny tur.

Etter å fått slappa av i fine omgivelsar på tunet til systra si på Rise, deler gjerne Fred turen sin med andre, sjølv om han måtte bryte pga. uver på Sognefjellet. Eit fornuftigt menneske legg ikkje over Sognefjellet mot advarslar frå kjentfolk om uver, seier han. Dette gjorde heller ikkje Fred og venta her i to døgn på Turtagrø vest for Jotunheimen, før han gav opp. Men til gjengjeld så brukte han tilsvarande dagar som ville gå over Sognefjellet på å gå i Sunnmørsfjella og det angra han ikkje på.

Men for å begynne der du starta Fred så må vi tilbake til Rjukan og der har du familie med kone, hus og heim.Fred er har budd i Rjukan i 30-40 år og er fødd og oppvaksen på Leirvik på Stord.

Og kva seier familien når du som pensjonist finn på å ta ein slik tur åleine?

-For det fyrste så er eg ikkje heilt pensjonist. Frå å være områdeansvarleg for Samvirke forsikring med kontor i Skien, så har eg trappa ned til å ha eit lite lokalkontor på Rjukan, med ope nokre få dagar i veka. Og for det andre så har kona og familien hatt god tid på å forberede seg på denne turen, då det var bestemt for 15 år sidan, så det gjekk greit. Men for all del, så har familien vore spent på korleis det har gått med meg og hunden. Og ikkje minst har venner og arbeidskollegar hatt mykje moro sidan eg fortalde om denne turen. Og litt omtenksomheit frå desse fekk eg når eg kom til Turtagrø der eg vart overraska over at stod 2 stk. pils og venta. Desse hadde vorte bestilt av arbeidskollegaer frå i Sparebank1, og pilsa smakte godt kan du tru, seier Fred.

Halnefjorden IMGP0414

Sola gjeng ned over Halnefjorden på Hardangarvidda

 

Den 30 juni starta Fred frå Rjukan med oppakning på 20-25 kg.

Fred er ein vant naturvandrar og i oppakninga var det mest nødvendige for overnatting som koke og varmeutstyr, telt og sovepose og minst mulig av unødvendige ting. Hunden Ilka som er ein 6 års finsk lapphund bar mat og sitt utstyr sjølv.

Han la i veg 30.juni der turen gjekk frå Rjukan og opptil Hardangarvidda. Han gjekk over Hallingskarvet og til Filefjell og Jotunheimen. Når det let seg gjere så overnatta han ved turisthytter for å halde seg ved turistrutene som Den Norske Turistforening tilråder. Jondalshytta, Lordehytta og Bjondalshytta som er poppulære overnattinsplassar. Veret må ein rekne som bra, men om natta var det kaldt og det fekk eit ektepar frå Nederland som han kom i følgje med merke. Ekteparet hadde ikkje teke høgde for at det kunne kome skodde og det måtte ei overnatting til. Her var det berre å dele det ein hadde, seier Fred, og dei fekk overnatte i det vesle teltet hans. Soveposen hans delte dei som liggeunderlag. For å ikkje fryse i hjel ved 0 grader, så måtte dei fyre primus 5 minutt kvar time. Når dagen kom så måtte han gjere vendereis tilbake til hytta ilag med desse to. Dei var sjølvsagt svært takknemeleg for hjelpa og visste ikkje korleis dei skulle få takke. Som eit minne frå Nederland fekk han ein ostehøvel….. Og ostehøvelen var frå Nederland?? Ja, det reknar eg med. For min del er det eit minne om eit hyggeleg bekjentskap og eg var glad fordi alt hadde gått bra med ekteparet. Ei overnatting for dei utan telt, torer eg ikkje å teke på kva som kunna blitt utfallet.

HalnefjordenIMGP0403 Lordehytta IMGP0426

Ilka treivst best utanfor teltet. Bilet th. er Lordehytta

-Turen gjekk no vidare for min del gjennom Jotunheimen og til Turtagrø ovanfor Sognefjorden, og oppunder Sognefjellet. Her skulle eg vidare over Sognefjellet til Stryn, deretter Flofjellet over til Synnylven og vidare over til Hjørundfjorden, som er sentrum i Sunnmørsaplane.

-Men det vart frykteleg dårleg ver, så vi venta i to døger på Turtagrø, men det det vart ikkje noko betring. Eg vart frårådde å gå åleine over fjellet då skodda låg tjukk med null sikt. Då var det ikkje anna utveg enn å ringe nevøen Torstein om å verte henta, fortel Fred. Den opprinnelege planen var at Torstein skulle kome til Turtagrø med buss og gå siste etappa til Sunnmøre, ilag med onkelen. Istaden måtte onkelen be nevøen om å verte henta med bil.

Høgereset mot Nøvedalen IMGP0461

Fred har fått smaken på Sunnmørsfjella. Her er han på Høgereset mot Nøvedalen og Fladalen i bakgrunnen (på Standal).

Den 15års gamle draumen måtte brytast.

Då Torstein Årseth(25) kom var nok ikkje hummøret heilt på topp, men det gjekk ikkje lenge før vi planla å kompensere  den strekninga eg miste over Sognefellet med turar i Sunnmørsfjellet, fortel Fred.

-Den fyrste natta etter vi kom til Bondalen gjekk vi oppi Nøvedalen og overnatta på Høgereset.

-Den andre dagen gjekk vi frå Rise til Sæbø, tok ferja over til Lekneset, og gjekk derifrå opp Urkedalen til Patchellhytta, vidare ned til Skylstad og til Fivelstadhaugen. Der vart det overnatting og dagen etter vart det den tøffaste turen oppunder Kviteggja, og ned til Tyssevatnet.

På veg oppav Skylstadbrekka IMGP0463 På veg oppav FivelstadhaugenIMGP0465

Tv. Fred på veg ned Skylstadbrekka.        Th. Torstein på veg opp frå Fivelstadhaugen.

Urdbakken IMGP0466 Bakkedalen IMGP0473

Tv.Fred på Urdbakken før nedstigninga mot Kvitedalsvatnet.        Th.Torstein i Bakkedalen

-Denne strekninga synest eg det var skikkelg tøft og bratt. Her fekk eg no den utfordringa som eg opplevde som den tøffaste på heile turen. Etter desse to etappane var dei neste dagane meir rolege. Frå Tyssvatnet gjekk turen ned til Bjørke, men via Hornindalsrokken, og ein etappe frå Bjørke over Bakkedalen og Bondalsbakken til Risesetra der siste overnattinga var.

- Spaserturen frå Risesetra ned til Rekkedal og vidare til Rise gjekk på dei dei gamle grusvegane og var reine sjamøretappa, fortel Fred.

Oppsummering.

Skal ein gjennomføre ein slik tur må ein være i god form og undervegs tenke både på seg sjølv og hunden. Både føtene til hunden og eigaren må være i absolutt god tilstand. Hunden fekk dagli stell av føtene sine ved at dei vart innsmurde med feitt, så Ilka greidde seg fint.

-Eg skal vere forsiktig med å kome med belæring av lokale turopplegg, men eit godt råd til Den Norske Turistforeining er å gå opp rutenettet.

-Når eg tenker tilbake så var det eit godt byte å sløyfe Sognefjellet til fordel for Sunnmørsfjella. Sognefjellet er mykje likt Hardangarvidda. Sunnmørsfjella er berre heilt fantastiske, og her har de som bur her virkeleg noko å ta tak i for å utvikle turistnæringa.

-Eg hadde med Torstein som er lokalkjend, men ein som er heilt ukjend ville nok få meir problem med å orientere seg. Her er dårleg merking av turstiar og vanskeleg for å finne plassar å sette opp teltet. Stien lags Tyssevatnet låg ned med vasskanten og dersom det var høgvatn her, ville den være uråd å bruke. Her må det merkast slik ikkje folk legg i veg og går seg fast. Fred hadde kontakt med mange slags vandrarar undervegs og traff utenladsgrupper som etterlyste fjellførarar.

- Og ikkje å gløyme her i dette fine og fantastiske landskapet, merk ruter og legg opp turstiar som er tilpassa familiefolk!

-Eg traff også 4  karar frå andre kantar av landet i Tyssedalen, som var ut på ekstremtur og hadde flytta til Ålesund for å være i nærheiten av Sunnmørsfjella. Ved å bu her dei kunne nytte naturen til ei kvar tid.

-I Bakkadalen så stussa eg og Torstein på grinder som stod "Adgong forbudt" på, og vi lurte på om dette gjaldt å gå opp Bakkedalen, men vi kom til at dette måtte være noko gamalt som ikkje var i hevd lenger. Slikt må fjernast så ikkje folk snur.

Risesetra IMGP0476

Siste natt for Fred i lag med leirbålet på Risesetra.

Men for all del, de har noko av det flottast natur som finst, og her er virkelg noko og vise fram. Sunnmørsturane vert noko av det eg vil hugse best.

Den siste veka av ferien tilbrakte Fred på hytta i Sandefjord ilag med kona og familien. Han kan sjå tilbake til ein flott sommar.