Eit kompani på fem musikarar med John Inge Leira Bjøringsøy i spissen,  hadde hatt tilhald på Leira medan dei øvde i dagane før konserten. Det heile starta med tonane frå kyrkjeklokka og det barst direkte igong med atmosfæriske  "Vår Herres Skosyl" med Ingrid Vik Henriksen på en deilig vokal. Denne gjekk direkte over i låta "Dorg".  Bjørkefolket svikta ikkje og det var til tider vanskelig å få parkert. Underteikna hadde sjølv problem med komme fram til bilen etter showet. Det kan vel seiast at det kan ha med at parkeringsplassen ved kyrkja ikkje er så stor. Det var kanskje eit noko meir tilårskome publikum enn eg hadde rekna med, særleg i forhold til den unge alderen på musikarane. Vi hadde så klart baktankar med vitjinga i eit håp om å få treffe på nokre kjekke Bjørkejenter, utan at det lukkast. All musikk, utenom avslutningsnummeret "Sjå bygda vår"(melodi Amazing Grace), var utelukkande komponert  av John Inge Leira Bjøringsøy. Arrangementa var imponerande kreative og bra gjennomført, frå eit band som virka samspelt og trygge. Dei første fem låtane var veldig behagelige og flytande, med referansar til alt ifrå kirke- og folketonar, eksotisk Tord Gustavsen, til meir nordiske jazzharmoniar frå seinare år. Rett og slett avslappande. Det virka særleg godt på Yngve. Eg likte veldig godt måten låtane var bygde opp på og dei ulike partia hang ihop på ein veldig saumlaus måte. Dei brukte også soloinstrument eller samspel mellom to instrument som ein veldig fin kontrast til fullt band. Dette og dei mange lydane og teknikkane dei brukte instrumenta sine på gjorde konserten variert og bidrog til å halde på oppmerksomheita til publikum. Kontrabassist Torkjell Hovland hadde eit veldig ledig og energisk kroppspråk i eit ellers forsiktig visuelt banduttrykk. John Inge satt faktisk med ryggen til publikum, men eg ser det meir som eit modig "statement". "Gjetarjenta Prillar-Guri" med tekst av Enok Kippersund baud på song i ekte kom-kyra-tradisjon. Vidare kom "Pilk" som levde opp til navnet då den livlige rytma gjekk meir i rykk og napp og melodiføringa var lystigare enn det vi hadde hørt tidligare på kvelden. Konserten vart avslutta i ekte jazza gospelånd med tidligare nevnte "Sjå bygda vår", ein hyllest til Bjørke med fjord, fjell, kløver og timotei. Det var tydeleg at John Inge var på scena for å spele og ikkje for å preike, for etter lengre applaus kom kveldens einaste annonsering frå scena, eit kort "Takk!".enook
I ekte Hjorundfjord.no-ånd: Enok var rask med å ønske oss velkomne til Bjørke

 

Med i orkesteret frå musikklinja på Volda vgs og jazzlinja på Sund folkehøgskule i Trøndelag:

John Inge Leira Bjøringsøy-piano

Jan Martin Gismervik-trommer

Audun Lønning Gjerdi-trompet

Torkjell Hovland-kontrabass

Ingrid Vik Henriksen-vokal