Imars i fjor 2007 kom der eit kjemperas frå Geildskreda i Norangsdalen med ei blanding av kjempesteinar og snø. Dette raset held på å øydeleggje den gamle kvelvinge-brua frå den tida vegen vart bygd på 1800 talet. Her vart då oppsett to kvelvingebruer i Norangsdalen, den eine med to kvelvingar på Lysholen, like ovanfor Lygnstøylvatnet, og den andre ei enkelløpa kvelvingebru ovanfor Geildskredvatnet. Begge bruene vart bygde av omhyggelege utplukka og tilpassa gråsteinar. Lysholbrua vart reven i 1890åra når det vart bygd ny veg, men det stod restar av denne brua fram til 1940talet.

Geildskredvatnet deler grensa mellom Ørsta kommune og Sunnylva. Grensa går midt i vatnet så den gamle brua ligg i nabokommuna. Etter at vegen vart omlagde så vart denne brua ikkje i brukt lenger til trafikk, men har vorte bruk til jordbruksføremål og til glede for dei som vil bruke den gamle vegen til naturoppleving i den storslegne naturen som Norangsdalen kan tilby.

Etter å høyrdt rykte om den skada brua måtte det takast ei synfaring, og dette var ikkje til å tru. På brua låg ei kjempesteinblokk og at brua hadde tolt dette må være det beste bevis på at her har dei beste fagfolka vore i arbeid for 150 år sidan. Å bygge noko slikt i dag vil være ei kjempeutfordring, skulle ein tru.

Kolvingebru i Norangsdalen Gjeilskredbrua 08

Gjeildskredbrua på 80 talet og th. i dag 08, med ei stor steinblokk som har laga ein stor skade på dette kulturminne.

Her måtte det kontaktast lokalkjende for å få meir informasjon, og etter litt høyring rundt i bygda på Øyelandet, så var det Idar Nordang den som kunne fortelje kva som hadde hendt denne vinterdagen i 2007.


-Idar hadde fått beskjed om å reise på rasstaden for å opne vegen etter eit ras hadde gått, og han hadde dårleg tid, fordi han skulle ut å reise, så det måtte gå fort. Då han kom fram på Nysetersvingen, der han ser Fivelstadhaugen, såg han det kjempestore raset som hadde gått større enn nokon hadde sett før. Det var 430meter breitt og det nytta ikkje med noko brøyteutstyr, her måtte det større og tynger reiskap til. Hjullastar og gravemaskin held på i 4 dagar for å opne vegen.


Heile fjellsida hadde rasa ut, ilag med snø og store steinar. Den store steinblokka som ligg på brua i dag, hadde kome ned frå fjellet og landa i ura og sprotte over vegen og ned på brua. Han antyda at steinen må vege 15 tonn og ein kan berre spekulere i kva slag slagtrykk som har vore på brua då steinen traff. Her er det snakk om eit voldsom trykk og at brua står i dag er berre utruleg. Hadde brua vore av betong ville den vore smadra.

Gjeiskredbrua nedafrå

Steinblokka har kome ovanfrå sida i det store raset.

Etter det eg kan kome på i dag, så er her berre 3 kvelvingebruer att i Hjørundfjorden av denne klassa. Gjeildskredbrua, Lisje-Standal brua og på Frøland i Bondalen. Her er fleire av dei større  kvelvingebruene som er bygde av fint høgde stein. Lysholbrua, Skylstadbrua, Villabrua for å nemne nokre.

Vi får håpe at det vert skaffa naudsynte midlar for å sette i stand at brua, for desse byggverka er kulturminne som truleg ikkje vert bygt fleire av.

Ivar Svein Mo