Dermed er det råd å køyre til Myrsætra, til inntaket for kraftverket, både frå Ytre Urke og no og frå Indre Urke.  Dermed kan ein parkere på kote 381, ein "lett" start på turen innover Langsæterdalen. Sjå kartskissa under.

Haugane 023 (3)

Det er den svartaste streken  (rørgata) som og fungerer som køyreveg frå Haugane til ny bru over elva (klikk på biletet).

Haugemyrvegen vart bygt fram til Haugane for nokre tiår sidan av legatmidlar etter Bjarne Klokk. Frå avslutninga av denne vegen har ein knytt til vegen som ligg over den nedgravne rørgata. Det er denne vegen som no har fått toppdekke med grus etter å ha fungert som grøft og anleggsveg under rørlegginga.

Helge L. Urke

Gardbrukar, sauerøktar og fjellmannen Helge L. Urke

For Helge betyr dette ein lettare tilkomst til Langsæterdalen der m.a. han har ein stor saueflokk på beite i sommarmånadene. Han ser stadig om dyra og ber med seg slikkestein i ryggsekken, ca. 15 kg,  når han passar på at sauene har det bra.

Det er etter dette råd å køyre til inntaket både frå Ytre Urke, forbi Haukåssætra, og frå Indre Urke.  Vegen frå Ytre Urke har vore arbeidsvegen for Tussa Kraft AS sitt prosjekt. Ved samanknytinga kan ein trygt seie at det no er oppretta rundkøyring i Urkedalen.

No står det att den siste støypinga ved inntaket, sikring av inntakskummen med solide gjerde og sluttplanering og tildekking med mold. Vi håper det skal bli fint stelt rundt både inntaksområdet og i terrenget langs grøfta/vegen. Maskinentreprenør Johan Øye har oppdraget og er no i ferd med å legge siste hand på planeringsarbeidet, puss av terrenget og vegen.  Vi vonar at Tussa Kraft vil vere litt rause med plass slik at det vert råd å sette frå seg bilar ved inntaksområdet.

Johan Øye si gravemaskin

Ei av gravemaskinene til Johan Øye har planert ved Urke campingplass. Like velstelt reknar vi med at det blir heilt fram til demninga, 3100 meter innover dalen.  Ein intens arbeidsperiode nærmar seg fullføring.

Langsæterdalen vil no kome sterkare inn i biletet som tilkomstveg til Slogen og området rundt Patchellhytta. Heimesida til Fjellinordvest.net. vil ta omsyn til desse tilkomstendringane og legge det inn på sine ruteomtalar som den lettaste vegen til Slogen, opplyser fjelleksperten Svein Myhre.