Det har slett ikkje vore mykje nedbør i det siste, nei, ei regnbyge har vore nærast unnataket.  I ettermiddag kom her likevel ei lita byge, men ikkje mange minutt seinare kom regnbogen.  Og tek eg ikkje heilt feil så er vel regnbogen eit teikn på at det nettopp skal slutte å regne?  Det gjeld vel sjølv om byga er lita?

Og kva med skatten?  Om eg ikkje lærde det på skulen så meiner eg også bestemt at eg i livets skule har lært at det skal vere ein skatt der regnbogen landar.  Stor var gleda difor i ettermiddag då eg såg at regnbogen gjekk rett ned gjennom pipa på huset vårt.  Eg sprang sjølvsagt inn for å leite etter denne skatten, men diverre var eg denne gongen likevel for seint ute - regnbogen hadde flytta seg nedover mot Sæbø. Så er det vel ein eller annan som har funne skatten der...

IMGP7100 (Large)

Regnbogen hadde flytta seg nedover mot Sæbø...

Men regnbogen stod i fleire minutt over Kvistadkollen, Storhornet og ikkje minst Årset.  Det er vel eit godt teikn?

Regnbogen 2