Sidan sommaren 1998 har Hjørundfjord Kulturvernlag i samarbeid med Hjørundfjord Sogelag arrangert kulturvandringar i Hjørundfjorden. I år finn denne populære vandringa stad sundag 17. august 08, på Skår.

Skår er framleis ein veglaus gard, og ein må nytte ferje eller båt for å kome dit, om ein ikkje vil gå over fjellet. Kulturvernlaget har planlagt at ein tek ferje frå Sæbø klokka 11.30, den går om Leknes til Skår.
For folk i indre del av Hjørundfjorden (eller frå Ørsta og Volda) vil ”Hjørundfjord” gå frå Viddal kl 11.30.

Skår ei sommardag 20080730

Ferja går til Skår ein sommarag i juli 08.

Lokalhistorikar Jarle Walseth med mor frå Skår, Marit Skår og Håkon Skår, begge oppvaksne der, vil vere vegvisarar og fortelje om dei historiske stadane, utfordringane på ein veglaus gard og segnene som er knytte til Skår.
Kort kan ein nemne at dei vil kome inn på emne som; Husmannsplassar, dramatiske hendingar som då jordmora skulle hentast til gards, skulegangen og farleg skuleveg, familietragediar knytte til sjøen, barnearbeid som var vanleg på dei fleste gardar før i tida, dagleglivet med strev og med glede. Kraftverk, kylne og ei lita handverksemnd fann ein også på Skår.

Skår ein tidleg vårdag 24.4.07

Skår ein tidleg vårdag i april 07. Der er fortsatt drift av gardane, men med berre to fastbuande att, er det ikkje lenger so folkesamt som tidlegare.

Ein vil også kome inn på korleis livet er idag på garden.

Oppe på flata ved øvste garden på Skår, vil det verte ei kort andakt ved sokneprest Øygard og musikk av Hjørundfjordkvintetten. Her oppe er det ei nydeleg utsikt utover Hjørundfjorden. Etter andakta vert det felles matykt med god tid til å prate med kvarandre.

Desse kulturvandringane skal også vere møtestad mellom menneske med tilknytning til Hjørundfjorden, og for tilreisande som har lyst å sjå og lære meir om lokalhistoria til stadar rundt fjorden.
Denne kulturvandringa er også eit flott tilbod til folk som aldri har vore iland på Skår.

Etter vandringa vert det skyss med ”Hjørundfjord” tilbake til Viddal, Leknes og Sæbø.Båten til og frå Kulturvandringa på Skår kostar kr 100 for vaksne og 50 for born.
 
Ta på gode sko og kle etter veret. Ha med mat og drikke.
Det vert ei utlodding for å dekkje kostnadane.

Synnøve Rekkedal Hill
- styreleiar Hjørundfjord Kulturvernlag-