G14 starta fint med ein spennande kamp mellom Åmdal/Sæbø/Ørsta (J 16)og Sæbø. Midt i andre omgang var resultatet 2-2 der Å/S/Ø pressa men Sæbø var veldig gode i forsvar og heldt jentene unna målet. På slutten kom Å/S/Ø med to raske mål og det vart fortjent siger 4-2.

Maren 1

Maren var farleg for motstandarane!

EM

Malene og Else Marie i fin driv. (Else Marie hadde eigentleg speleforbud men ho måtte få vere med litt.., difor raud shorts!)

Neste kamp var Sæbø- Hovdebygda der Sæbø sine spelarar var slitne og måtte sjå seg slått av Hovdebygda 5- 9.
Hovdebygda vann også neste kamp mot Vartdal og då Å/S/Ø  slo Vartdal 4-2 var finalistane klare.
Neste kampar:
Hovdebygda - Åmdal/Sæbø/Ørsta  1- 2  (har også høyrt rykte om at det var 1- 1..)
Sæbø           - Vartdal                  0- 1

Emilie3

Emilie var god på Sæbø G14

Petter og Rebekka

Petter og Rebekka!

Jonas

Jonas kjempar mot Hovdebygda!

Finala gjekk mellom heiltende Åmdal/Sæbø/Ørstajenter og Hovdebygda. Det vart ein litt vel spennande førsteomgong det pauseresultatet var 1- 1. Andre omgong vart aldri spennande, jentene gjekk rett på mål og og fortsette å presse, og det vart fortjent siger 5- 1 til jentene etter ein perfekt andre omgong!

Vinnar 3



Kaptein Malene kunne fortjent ta imot pokalen av turneringsleiar Rolf Egil Riise!

Vinnar 1

Vi er beste "gutelaget".. F.v. Ingeborg, Kristine, Malene, Maren, Kathrine, Liv Grete, Synnøve, Hilde, Gladys, Hilde og Else Marie.
Det viktigaste er å delta, men det er kjekt å vinne også!

G16 spelte 2x 15 minutts omgongar i ei gruppe.
I første kampen var Vartdal vinnar mot Volda.
I neste kamp måtte Sæbøgutane sjå seg slått 3- 2 av Volda og tredje kampen enda med siger 5- 2 til Vartdal over Sæbø.
Dermed leda Vartdal pulja.
Etter pause vart Vartdal slått av Volda, Sæbø vann fortjent 6- 3 over Volda og 
dersom Sæbø vann neste kamp stod alle laga likt i poeng!

Kampen mellom Vartdal og Sæbø vart veldig spennande der Vartdal trekte det lengste strået med resultatet 2- 1. Vartdal vart dermed puljevinnar og kunne reise heim til Vartdal med ein fin pokal.

Vartdal

Ein glad Vartdalkaptein med pokalen.

Etter turneringa inviterte Emile og fotballgruppa til grillfest. Emile stod for grillinga med hjelp frå blide foreldre.

Grill 1

Grillsjef Emile van Embden i full aktivitet! Gaute, Martin Luan og Peder ser svoltne ut!

Mat 2

Maten er godkjendt! Bodil og Rolfen er " forsmakarar"!

Anne Thi

Ei smilande Anne Thi syns at grillmat er godt!

Mat4

Salat og grillmat: GODT!

Mat_edited-1

Mange spelarar, foreldre og andre fotballinterisserte møttest på klubbhuset for ein god prat og god mat!

Håkon

Håkon, ein framtidig fotballspelar!

 

Kioskdamer

Blide damer i kiosken, Hilde Sæbønes og Elisabeth Årseth Dimmen.

Emile_edited-1

Roser og godord frå turneringsleiaren til initiviatetstakaren!

Emile

Vi takkar Emile for at han tok initiativet til ei flott turnering. Sæbø IL treng eldsjeler som han!